Førde sentralsjukehus
Førde sentralsjukehus er somatisk og psykiatrisk sjukehus for Sogn og Fjordane fylke, med kring 107.000 innbyggjarar. I tillegg er Sentralsjukehuset lokalsjukehus for fylkesregionane Sunnfjord og Ytre Sogn der det bur kring 50.000 menneske.
Sentralsjukehuset har driftseiningar både i Førde og Florø. Hovuddelen av sjukehuset ligg i fylkessenteret Førde.
I 2007 er det omlag 1.120 årsverk og 1.400 tilsette ved sentralsjukehuset.