Styret vil ha effektivisering og forbetring i Helse Førde

Omstilling ved FSS og avvikling av sengeposten i Florø er viktige moment som skal utgreiast etter at Helse Førde sitt styre i dag gjorde eit omfattande vedtak i saka om handlingsprogram.
Helse Førde sitt styre gjorde såleis vedtak i møte i dag:
- Omstilling og modernisering av drifta ved Førde sentralsjukehus (FSS) skal ha hovudfokus. Dette inneber reduksjon av sengetalet og auka dagbehandling/poliklinikk og snarleg driftsstart av internt pasienthotell. Det er styret si klare føring av ingen funksjonar/pasientilbod skal fjernast. Styret sluttar seg til etableringa av eit langsiktig program for forbetring og effektivisering i Helse Førde 2008 - 2010. Styret ber administrasjonen sette av ressursar til arbeidet i samband med budsjettet for 2008.
- Basert på rapporten frå SINTEF-helse ber styret til neste møte om å få framlagt forslag til dimensjonering av sengetalet ved FSS i tråd med tilbodet ved Haugesund sjukehus, justert for relative størrelser. Oversikten skal presenterast klinikkvis med konsekvensar for bemanning, drift og investeringar. Styret forventar ikkje fullverdige konsekvensanalysar på dette stadiet, men oppstillinga skal gje grunnlag for eit førebels målbilete for drifta ved FSS. Styret legg til grunn at rapporten frå ProsessPartner også inngår i arbeidet.
- Styret ønskjer kartlagt og gjennomgått alle former for vakt- og beredskapssystem i Helse Førde.
- ENØK-potensialet i føretaket skal greiast nærare ut.
- Sak om prehospitale tenester vert lagt fram så snart dialogen med kommunane er gjennomført, jfr. vedtak om dette i styresak 057/07, handsama av styret 28.09.2007.
- Styret legg i framhaldet til grunn at eksisterande areal og bygningsmasse skal effektiviserast og utnyttast på ein betre måte enn i dag. Nye oppgåver skal fortrinnsvis løysast innanfor eksisterande bygningsmasse.
- Til neste styremøte vert det lagt fram eiga sak med forslag til endringar av drifta ved sjukehuset i Florø. Følgjande skal leggast til grunn:
- vidareføring av poliklinisk verksemd
- avvikling av sengeposten
- sal av bygningsmasse med leige av naudsynt areal til Helse Førde si verksemd i Florø
Vurderingane av sal skal leggjast fram for styret snarast råd og seinast i samband med budsjett 2008
- Dei utgreiingar styret her ber om skal vere grunnlag for arbeid med budsjett 2008. Arbeidet må difor gjevast høgaste høgaste prioritet og framdrift må haldast.