Artikkel
Nasjonal konferanse om dagkirurgi
5. og 6. mars vil Helse Førde arrangere konferanse kring tema kven kan behandlast dagkirurgisk og kvar skal ein sette grensene.
Det er Helse Førde i samarbeid med Norsk sykepleierforbund og Den norske legeforening som arrangerer konferansen.
Helse Førde ønskjer å sette fokus på moderne medisin og moderne pasientforløp, og slik skape ei felles forståing for kva pasientgrupper som er eigna for dagbehandling.
Konferansen vil utfordre dei ulike faggruppene på kvar grenseområda går innan medisin, kirurgi og anestesi.
Påmeldingsfrist 10 dagar før konferansen.
Det er søkt godkjenning frå den norske legeforening om tellande timar for legar i spesialisering.
|
|
|
|