Kursdagane er ein del av prosjektet "Kompetanseløft i kommunane", og det vert difor også lagt opp til lokal rettleiing i kommunane i perioden fram til september 2010. Prosjektansvarlege er Jan Ove Ødven og Jan Kåre Garshol.
Tema for kursa er personar med diagnosar innan autismespekteret og med ufordrandre åtferd.
Førelesarar er vernepleiarane Jan Ove Almås og Torill Braamark. I tillegg vil lege Ivar Mæhle ha ein kursdag.
Vaksenhabiliteringa har sett at det er behov for oppfølging av denne gruppa ressurskrevjande pasientar. I samhandling med kommunale fagpersonar, ønskjer dei difor å auke kvaliteten av arbeid i forhold til menneske med store og langvarige habiliteringsbehov.
Dei to første kursdagane vart gjennomført i auditoriet ved Førde sentralsjukehus 26. og 27. januar, med 33 kursdeltakarar frå 12 kommunar i Sogn og Fjordane.
Den første dagen hadde førelesarane fokus på diagnosen ”autisme”, og autismespektertilstandar, samt tilgrensande tilstandar som Fragil X-syndrom, Rett syndrom, ADHD og Tourettes syndrom. På dag to var det drøftingar og undervisning, i forhold til innlæring, kommunikasjon, samhandling og sosiale utfordringar i forhold til menneske med autisme.
- Innspel frå kursdeltakarane vart grundig belyst, og på denne måten trur vi at kurset får eit praktisk tilsnitt, i høve aktuelle lokale problemstillingar, fortel Eirik Dahl ved Vaksenhabiliteringa i Helse Førde.
Neste samling blir 23. og 24.mars.