Gå til hovedinnhold
Caching av siden 
Fri tekst [1] 

Fri tekst [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Artikkel 

Ber kvinnene sjekke brysta

Aud Kari Isane

Sjølv lever ho med angsten, og ber no kvinnene i Sogn og Fjordane om å vere føre var. – Møt opp til mammografiundersøking, er oppmodinga frå Aud Kari Isane frå Balestrand.

Det er eitt år sidan nordfjordkvinna og den tidlegare fylkesskattesjefen møtte opp på brystdiagnostisk senter for screening. Den gongen såg alt bra ut, men det tok ikkje lang tid før ho sjølv kjende ein kul i brystet.

– Sidan eg nett hadde vore til mammografi så tenkte eg at det sikkert berre var ein hoven mjølkekjertel. Difor reiste eg på ferie som planlagt, men sidan kulen vaks heile tida, ringde eg lege og fekk time i byrjinga av august. Kulen blei då målt til 1-2 cm, seier ho.

Angst og redsel

Isane vart tilvist time både ved sentralsjukehuset i Førde og ved ein privat klinikk i Bergen tre veker seinare. Ho reiser til sentralsjukehuset. Framleis er det ikkje mogeleg å sjå noko på mammografiundersøkinga. Difor blir det teke ultralyd av brystet til Isane, og bileta syner ein svulst på 3,5 cm. Etter at resultatet frå vevsprøvene føreligg, får Aud Kari svaret ho ikkje ville ha. Ho har brystkreft.

– Å få ein kreftdiagnose var for meg som å hamne i grøfta. Eg hadde mykje angst og redsel. Eg fann fort ut at eg måtte ha mest mogleg innsikt og kunnskap om sjukdomen. Det vart ein viktig faktor for å oppleve ein viss kontroll.

God behandling

49-åringen veit i dag mykje om sjukdomen, og forklarar sjølv kvifor det var vanskeleg å oppdage kreftsvulsten då ho var til mammografiundersøking.

– Eg har ein krefttype lokalisert til mjølkekjertlane og kreftcellene er svært like cellene i mjølkekjertlane. Det gjer at kreftcellene ikkje skil seg frå dei normale cellene på røntgenbileta. Difor måtte ein også ta ultralyd, seier ho.

Helse Førde tilbyr Isane operasjon 12 dagar etter kreftdiagnosen. Det blir undersøkt om andre sjukehus har kortare ventetid, men det har dei ikkje. På operasjonstidspunktet var hovudsvulsten blitt fire centimeter og det var i tillegg ei rekkje satelittsvulstar kring hovudsvulsten.

– Eg opplevde behandlinga ved sentralsjukehuset som veldig bra. Både av kirurgen som opererte og etterpå ved kreftpoliklinikken der eg har fått cellegift-behandling. Personalet har skrive ut heile journalen min og forklart i detalj kva dei ulike tinga betyr. Det har gjeve meg ei god oppleving av tillit, seier ho.

Sunn livsstil

Aud Kari Isane er busett i Balestrand, men kjem opphavleg frå Isane i Nordfjord. Ho er ei svært sprek kvinne.

– Eg har alltid hatt god helse og lever sprek og sunn. Eg hadde faktisk berre att sju veker med trening før eg skulle stille i New York maraton, men sjukdomen øydela.

No brukar ho mykje tid på å setje seg inn i både sin eigen sjukdom, men også korleis informasjonen og tilboda er andre stader i landet.

– Eg har blant anna sjekka alle kreftsidene til Radiumhospitalet og Kreftforeininga. Der er masse god informasjon. Eg ser jo at behandlinga eg får i Helse Førde er standard behandling som blir gitt elles i landet, seier ho.

Media skapar frykt

Før jul vart ei landsomfattande undersøking om brystkreft presentert. Der kom Sogn og Fjordane dårleg ut. Men Isane meiner media var alt for upresise i sine presentasjonar av saka. Noko ho meiner er med på å skape unødig frykt blant kvinnene i fylket.

– Eg bråvakna då eg høyrde oppslaget i NRK Sogn og Fjordane. Dei fortalde i tabloid form om brystkreftpasientar her i fylket som hadde mindre sjanse til å overleve enn andre stader i landet. Angsten sette seg som ei klo i hjartet mitt; eg måtte undersøke saka nærmare.

– Sidan eg har ein heller sjeldan krefttype var det viktig for meg å finne ut kva krefttypar som vart omtalt. Eg las artikkelen i Legeforeininga sitt tidsskrift og brukte dagen på å sette meg inn i den. Og eg roa meg ned, seier Isane.

Ho ringde til NRK Sogn og Fjordane og klaga på framstillinga deira. Ho meiner den var så upresis at den berre var eigna til å skape frykt.

– For det første var det ikkje snakk om ulike typar, men ulike stadium knytt til storleik på svulst og grad av spreiing. Undersøking som gjekk frå 1984–2004 såg ikkje på kor pasientane var blitt behandla, men kvar dei hadde bustadadresse. Det er difor rimeleg å tru at dei mest kompliserte og langtkomne tilfella gjerne var blitt behandla både på Haukeland og Radiumhospitalet i denne tida. Rapporten seier såleis ikkje spesielt mykje om overleving blant dei som er blitt behandla ved sentralsjukehuset, seier Isane.

Ta mammografi

Firebornsmora er svært oppteken av at kvinner i fylket nyttar seg av tilbodet om mammografi ved Førde sentralsjukehus. Sjølv om ikkje hennar kreftsvulst vart oppdaga, veit ho at mange andre har nytte av det.

– Eg vil poengtere at det er kjempeviktig å reise på mammografi når ein får innkalling. Dess tidlegare brystkreften blir oppdaga, dess større sjanse har ein for å overleve, og behandlinga blir kortare. Så er det og viktig å vite at ikkje alt blir oppdaga på mammografi, så kjenn etter heile tida. Eg har sjølv fått erfare at hadde eg oppsøkt lege tidlegare, så hadde ikkje det fått utvikla seg så langt.

Stråling på Haukeland

Som kreftpasient er no neste etappe for Aud Kari Isane ei reise til Bergen. Strålebehandlinga skal skje ved Haukeland.

– Då får eg jo ei erfaring derifrå også, det blir nytt. Ellers har det vore veldig flott å ha med ektefelle, born, søster, veninner i denne prosessen. Alle har vore veldig velkomne på sentralsjukehuset, både på kirurgisk og i poliklinikken. Eg har berre positive ting å seie om dei som har behandla meg her i denne tida, avsluttar Isane.


Seksjonsoverlege Inger Marie Juel ved brystdiagnostisk senter i Helse Førde.Bra for brysta

Eit nytt stereotaxibord ved Førde sentralsjukehus sikrar enkelte kvinner både betre og meir behageleg behandling av inngrep i brysta.

Pasienten må ligge roleg på magen med brystet hengande ned igjennom eit hol i bordet. Vi tar så røntgenbilete (mammografi) av det aktuelle området, og kan då sjå vevsforandringar frå første gong dei var til screening. Men sidan vi ikkje veit nøyaktig kor djupt i brystet forandringa ligg, må vi ta to nye bileter med 30 gradar forskjell i retninga. Då kan vi rekne ut kor djupt vi skal stikke for å få vevsprøva.

Slik forklarar seksjonsoverlege ved brystdiagnostisk senter i Helse Førde, Inger Marie Juel, korleis det nye stereotaxibordet fungerer. Bordet kom til FSS i slutten av januar og fleire kvinner har allereie blitt undersøkte med det nye utstyret.

Først ut var Sigrun Hagen frå Høyanger.

– Eg må seie at dette var veldig behagleg og vi snakkar definitivt ikkje om noko stort inngrep i brystet. Eg kjente berre eit lite stikk, og nåla som vart brukt henta ut prøver frå det fortetta vevet, seier Sigrun Hagen.

Alternativet var at Sigrun måtte ta ein open biopsi som inneber at kirurgen må skjære ut eit vevsområde som er merka av radiolog.

Ikkje alle pasientar kan nytte seg av det nye utstyret. Bordet kan brukast av ei mindre gruppe pasientar der funna kun er synlege på mammografi.

– Men for dei som kan nytte bordet vil dei oppleve prøvar som er svært presise sidan den kun tar ut det naudsyne vevet, seier Inger Marie Juel.

For Sigrun visste prøvene dessverre at ho er råka av brystkreft.

– Den gjorde nok det, og eg har allereie starta på behandlinga. Sjølv er eg ved godt mot og er blitt veldig godt behandla på sentralsjukehuset. Eg har godt støtte frå familien og håpar på det beste, seier Hagen.

Info 
Finn Ove Njøsen 17.03.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel - rediger 
Rediger 
Rullerende artikkel 
Abonnèr på siden