Gå til hovedinnhold
Caching av siden 
Fri tekst [1] 

Fri tekst [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Artikkel 

Moderne sengepost for moderne pasientar

Moderne sengepost - illustrasjonsfoto

Bruken av senger blir stadig mindre ved sjukehusa i Helse Førde. No startar det strategiske arbeidet med å modernisere dei sengpostane som det framleis vil vere behov for.

Det er vanskeleg å spå om framtida, men "den moderne pasienten" vil setje andre krav til både fasilitetar og pleie og behandling enn det vi kan tilby på sengepostane i dag. Dessutan vil dei vere mykje meir opplyste om eigen sjukdom.

Kari Furevik tenkjer framover, og korleis Helse Førde best skal møte nye krav og utfordringar som ventar. Ho er leiar for eitt av fleire prosjekt i Døgn til dagsatsinga i føretaket, det vil seie strategiplanar som kan setjast i gang og gjennomførast på kort sikt. Prosjektet handlar om å modernisere sengepostane.

Tenkjer nytt

– Vi kjem til å tenkje i heilt nye baner, og det må vere eit mål at andre ser til oss når vi har nådd dette, seier ho.

Furevik presiserer at hovudmålet til Helse Førde er at flest mogleg skal ha tilbod på dagtid og dermed sleppe innlegging. Men dette heng veldig saman med korleis sengepostane blir drivne.

– Vi skal sjå på utnyttinga av personalet i sengepostane og om det er rett ressursbruk slik vi organiserer oss i dag. Eitt anna element er samhandlinga mellom dei ulike yrkesgruppene, og vi må også sjå på sjølve pasientforløpet. Klarar vi å modernisere oss på desse felta, sikrar vi også at ressursane vi har kan hjelpe fleire poliklinisk eller dagkirurgisk.

Prosjektleiaren seier at Helse Førde allereie har mykje kunnskap og erfaringar frå tidlegare omleggingar.

Meistring viktig

Ho viser blant anna til etableringa av pasienthotellet i 2008 og ikkje minst pasientkafeane på Førde sentralsjukehus i 2009.

– "Bli frisk"-faktoren er viktig, og erfaringa frå pasientkafèane syner at mange pasientar vert fortare friske. Mykje av det trur eg skuldast at dei klarar små og kvardagslege ting på eigenhand. Dei kler på seg sjølve, og dei går sjølv frå rommet og inn på kafeen. Før fekk dei mat på senga, og opplevde mindre grad av meistring, seier ho.

Pasientane i sengeposten i dag kan variere frå veldig sjuke til andre som treng observasjon/restitusjon etter kirurgi eller anna behandling. Kari Furevik trur spesielt den siste gruppa vil vere opptekne av at dei får eit raskt og moderne opphald.

– Dei fleste vil at opphaldet skal bli så kort som mogleg og at vidare hjelp vert gjeve nærmare eller i heimen. Og den tida dei er på sengeposten vil dei vere opptekne av å bli tatt godt vare på, og kunne få tilgang til opplysningar, nytte PC og elektronisk verktøy. Framtidas pasientar hentar og mykje kunnskap frå ulike kjelder, og vil vere opplyste og krevje moderne behandling. Det er også ei utfordring vi må ta inn over oss, seier ho.

Ser behovet for sterke fagmiljø


Dei høgast prioriterte områda som deltakarane på arbeidsmøta meinet var føresetnadar for å vere ein organisasjon som driv moderne kunnskapsbasert diagnostikk og behandling i 2020.
Dei høgast prioriterte områda som deltakarane på arbeidsmøta meinet var føresetnadar for å vere ein organisasjon som driv moderne kunnskapsbasert diagnostikk og behandling i 2020

Både eigne tilsette og folk flest trur det er avgjerande at Helse Førde har sterkt fokus på kompetanseutvikling i åra som kjem.

– Desse resultata syner at eg må ha enno sterkare fokus på kompetanseutvikling for å sikre robuste fagmiljø i Helse Førde fram mot 2020, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

I samband med det pågåande strategiarbeidet i føretaket vart det i januar arrangert ei rekkje arbeidsmøter. Både for eigne tilsette, men også for lokalpolitikarar, brukarorganisasjonar og folk flest. Om lag 450–500 personar deltok på møta og det kom inn totalt over 2000 innspel.

Rosar engasjementet

– Eg må rose det engasjementet som har vore. Det vitnar om at folk bryr seg om korleis vi skal få til ei best mogleg spesialisthelseteneste i Sogn og Fjordane i framtida, seier Bolstad.

Nær 40 prosent av innspela handla om korleis Helse Førde bør leggje til rette for rekruttering av nye fagfolk, og ikkje minst kva som må til for utvikle den kompetansen ein allereie har i organisasjonen.

Leiarutvikling

– Helse Førde har alt sett i gang eit omfattande arbeid for å sikre ei kompetent leiing som klarar å vise veg i dei store endringane som vi trur strategiplanen vil legge opp til. I tillegg til leiarutvikling er det også viktig at vi lærer av og tar vare på dei fagmiljøa som har lukkast på dette feltet, som til dømes avdeling for øyre, nase, hals. Dei har i dag fem spesialistar, alle frå Sogn og Fjordane. Det er berekraftig og noko vi ynskjer å få til på fleire avdelingar, seier Jon Bolstad.

Eitt anna område som vart trekt fram under arbeidsmøta var verdien av samhandling, både internt i eigen organisasjon men også med omverda.

– Då er det for det første veldig gledeleg å konstatere at vi allereie i dag, ilag med KS i Sogn og Fjordane, har kome langt når det gjeld samarbeidet med kommunane. Dette skal vi utvikle, og så skal vi sjølvsagt leggje til rette for endå betre samhandling i eigen organsisajon, på tvers av både avdelingar, klinikkar og institusjonar.

Info 
Finn Ove Njøsen 17.03.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel - rediger 
Rediger 
Rullerende artikkel 
Abonnèr på siden