Tekst: Bjørn Leirdal
Utfordringane knytt til auka sjukefråvær dei siste åra har ført til eit fokus på arbeidsplassen som hovudarena for sjukefråværsarbeid. Fysioterapeut og høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Birte Barsnes, har i ei masteroppgåve i fysioterapivitskap sett på langtidssjukmeldte og leiarar sine erfaringar med sjukefråversarbeid i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Målet med studien var å få eit innblikk i korleis sjukmeldte og leiarar opplever at sjukefråversarbeidet og samarbeidet med lege og NAV, fungerar i ei bedrift som praktiserar inkluderande arbeidsliv. Studien gjev eit bilete av sjukmeldte og leiarane sine erfaringar med sjukefråversarbeidet i ei IA-bedrift og kan gje nyttige innspel i det vidare arbeidet for eit inkluderande arbeidsliv.
Masteroppgåva som er teke ved Universitetet i Bergen er ein forstudie til prosjektet "Individuell meistring – frå kollektive til individuelle tiltak for å redusere sjukefråvær." Forskingsprosjektet var eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV Sogn og Fjordane (arbeidslivsenteret), Unifob helse, Idrettssenteret AS, Selje Hotel og psykolog Thomas Bickhardt. Fylkeskommunen gjennomførte hausten 2008 og våren 2009 eit meistringsprogram (kalla Seljeprogrammet) for tilsette som var eller hadde vore langtidssjukmelde i løpet av siste år.
Det var prosjektleiar og rådgjevar Jan-Erik Weinbach i Fylkeskommunen som tok kontakt med forskingsmiljø i Sogn og Fjordane og Hordaland vedrørande forstudien.
– Det er viktig å formidle at sjølv om det var fylkeskommunen som tok initiativ til prosjektet, så var det gode samarbeidet med partane i prosjektet avgjerande. Ikkje minst var den økonomiske støtta til prosjektet frå NAV/FARVE og KLP avgjerande, seier Weinbach.
Intervju av eit utval av deltakarane i meistringsprogrammet og deira næraste leiarar danna bakgrunn for datainnsamlinga til Barsnes si masteroppgåve. Det vart nytta fokusgruppeintervju som metode.
Overraska over funna
Funn frå undersøkinga til Barsnes syner at hovudbodskapen til dei sjukmeldte er å bli møtt med respekt og forståing, bli sett og verdsett, både av leiar, lege og NAV. Dei fleste tilsette var nøgde med den oppfølginga dei fekk frå arbeidsgjevar i sjukmeldingsperioden.
– På spørsmål om kva som var viktig for samarbeidet med arbeidsgjevar i ein sjukmeldingsperiode trakk dei tilsette fram det å bli sett og høyrd, respektert og forstått. Eg trur dette er nøkkelord i arbeidet med å redusere sjukefråværet , seier Barsnes, som var overraska over at dette kom fram i ei IA-bedrift.
Kommunikasjon
Leiarane såg på sjukefråversarbeid som viktig, men etterlyste meir informasjon frå NAV om reglar, rettar og tiltaksmogelegheiter for sjukmelde og meir opplæring frå bedriftsleiinga i konkret handtering av sjukefråversproblematikk. Både sjukmeldte og leiarar ser på sjukmeldingar, som ikkje var synleg for leiar og kollegaer (blant anna psykiske lidingar) og medisinsk uforklarte plager og symptom, som ei utfordring. Legen vart av nokre sjukmelde sett på som fagleg dyktig og flink til å forstå den sjukmeldte. Andre sjukmeldte rapporterte om kommunikasjonsvanskar, manglande forståing, samt at legen var lite tilgjengeleg for samarbeid med arbeidsplass og NAV.
Dei sjukmelde ynskte hjelp av ein person frå NAV som var nøytral i forhold til vidare handsaming av deira sak. Leiarane ønska i større grad å bli kontakta av NAV for dialog, i staden for kommunikasjon via skjema. Dei sjukmelde meinte og at tilpassa arbeid i oppgåver og omfang gav krefter, men at dette vert tappa når arbeidet ikkje vert tilpassa eigne helsebehov.
– Dei sjukmeldte ynskte å ha kontakt med arbeidsplassen og var positive til at arbeidsgjevar la til rette i form av tilrettelagde arbeidsoppgåver i ein sjukmeldingsperiode. Samstundes peikar dei på at tilretelegging ofte førte til meirarbeid for kollegaer. Dette gjorde igjen at dei sjukmeldte fekk dårleg samvit ovanfor sine kollegaer og fekk slik eit press på å kome raskare attende til sine vanlege arbeidsoppgåver, seier Barsnes.
Samarbeidet med NAV var det som kom dårlegast ut i studien til Barsnes. Mange av dei sjukmeldte var misnøgde og SA at dei fekk dårleg informasjon om rettar, mogelegheiter og tidsfristar. Mange sjukmeldte meinte og at rådgjevaren i NAV viste lite forståing for deira situasjon. Både leiarar og tilsette brukte ordet "skjemavelde" om NAV. Leiarane ytra ønskje om at sakshandsamarane i NAV i større grad kunne ta ein telefon for å diskutere saker i staden for å sende skjema. Dei tilsette ønskte at ein nøytral person i NAV kunne hjelpe dei i forhold til rettar, skjema og tidsfristar.
Meir informasjon
– Mange tiltak i IA-avtala var ikkje godt nok informert om i bedrifta. Det var mangelfull kunnskap både blant leiarar og tilsette. Eit ønskje om betre informasjon frå NAV var sakna, seier Barsnes.
Meir informasjon om inkluderande arbeidsliv frå NAV til både tilsette og leiarar med jamne mellomrom er ei av tilrådingane som kjem fram i studien.
– Det kan spesielt vere til nytte at både leiarar og tilsette er informerte om kva NAV kan tilby personar som er sjukmeldte, samt ulike tiltak for å førebygge sjukmelding. Ei rolleavklaring i forhold til ansvarsområde for arbeidsgjevar, tilsette, lege og NAV vil kunne vere nyttig i ei kontinuerleg utvikling av samarbeidet mellom dei ulike aktørane, seier ho.