Arrangementet er i Storstova Nordfjord psykiatrisenter, Nordfjordeid.
Fagdagen er den første av to fagdagar som er søkt godkjent av Den norske legeforening innan Allmennmedisin som emnekurs Trygdemedisin. Neste fagdag med tema: "Unge vaksne som fell utafor arbeidslivet". Kva kan vi gjere? vil bli i januar/februar 2011.
Dagleg sysselsetting er av stor verdi for helse og velvære. Forsking viser at menneske med alvorlege psykiske lidingar som deltek på integrerte
tiltak har langt større moglegheiter til å få ein vanleg jobb, enn dei som er med på skjerma tiltak. Denne fagdagen vil sette fokus på betydninga av arbeid og sysselsetting og arbeidsretta rehabilitering for menneske med psykiske helseproblem.
Foredragshaldarar:
Angelika Schaffft er seniorforskar ved Arbeidsformiddlingsinstituttet (AFI A/S). Ho har mange års erfaring frå forsking- og utviklingsarbeid, og arbeidsretta tilbod til menneske med psykiske helseproblem og andre utsette grupper.
Elin Gjerstad er fastlege og overlege i NAV nordre Nordland (Ofoten og Nord-salten). Ho har 18 års erfaring frå sin praksis. Har opplæring i trygdemedisin og underviser turnuslegar på fylkeslegen sine kurs. Ho vil i foredraget sitt kome med eksempler frå praksis. Kva fungerar og kva som ikkje fungerar.
Målgruppe for fagdagen er:
Fagdagane er ein del av Nettverk for psykisk helsearbeid i Nordfjord – ein del av felles kompetanseheving, saman med nettverksmøtene Kommunelegane i Nordfjord, leiarar, brukarorganisasjonane, deltakarane i nettverksgruppene, styringsgruppa for Nettverk i Nordfjord.
Andre interesserte som arbeider i NAV eller med menneske med psykiske lidingar, er velkomne.
Program
08.30 Registrering. Kaffi/te.
09.00 Velkomen.
09.05 – 12.00 Verdien av å ha eit arbeid ved seniorforskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, Oslo, Angelika Schafft.
12.00 – 13.00 Lunsj.
13.00 – 14.45 Verkemidlar for eit meir inkluderande arbeidsliv. Erfaringar frå praksis v/fastlege og overlege i NAV nordre Nordland Elin Gjerstad.
14.45 – 15.05 Pause med kaffi/te frukt.
15.05 – 16.30 Tema verkemidlar held fram.
Pauser blir lagt inn etter som det høver undervegs i programmet.
16. 30 – 16.45 Val av 3 representantar frå kommunane til styringsgruppa for Nettverk for psykisk helsearbeid i Nordfjord.
For å få kursbevis må ein møte begge dagar. Bindande påmelding, med fullt namn, arbeidsstad, e-postadresse og
fakturaadresse innan 15. september 2010. Begrensa tal plassar, så ver tidleg ute med påmelding. Medlemmane i Nettverket er prioriterte.
Påmeldinga sender du til Liv Stokkenes Jacobsen: liv.stokkenes.jacobsen@helse-forde.no
Deltakaravgift kr 350,- (det blir tilsendt faktura).