På same måte som dei føregåande åra vil gode dømer på habilitering og rehabilitering markeast over heile landet i ReHabiliteringsveka. Habilitering og rehabilitering femnar tiltak, tenester og brukarar innan somatikk, psykisk helse og rus i alle aldersgrupper, innan alle sektorar og tenestenivå.
Målgruppa er brukarar, fagfolk og beslutningstakarar både i helse- og sosialtenestene, utdanningssektoren, arbeidslivet og organisasjonane. ReHabiliteringsveka er eit samhandlingstiltak. Fagmiljø og brukarorganisasjonar som er engasjert i habilitering og rehabilitering oppfordrast til å ta initiativ til markeringar.
ReHabiliteringsveka 2010 vil spesielt rette søkelys på funksjonen til koordinerande einingar i kommunar og helseføretak. Koordinerande eining vil vere tema på regionale konferansar arrangert av Fylkesmannsembeta og Helsedirektoratet, og det vil bli utarbeida nytt informasjonsmateriell. I tillegg ønskjer vi også i år lokale arrangement der merksemda rettast mot dei gode døma innan habilitering og rehabilitering. Vi oppfordrar til samarbeid mellom aktørar innan helsetenestene, brukarorganisasjonane, NAV, Statped, udanningsinstitusjonane og andre som kan vere aktuelle samarbeidspartnarar i ulike ReHabiliteringsforløp.