Artikkel
KaNo
Hauglandsenteret vil gje tilbod for unge vaksne som har gjennomgått behandling mot kreft.
Hausten 2010 startar Hauglandsenteret opp eit spesielt tilrettelagt program for personar som er mellom 18 – 35 år og har gjennomgått kreftbehandling. Hauglandsenteret har 15 års erfaring med kreftrehabilitering og det tverrfaglege teamet består av spesialistar innan fysikalsk medisin, fysioterapi, sjukepleie, ernæring, attføring, ergoterapi og idrett.
Dette er ein forskningsstudie som tek sikte på å dokumentera effekt og deltakarane sine erfaringar frå tilbodet. Deltaking i programmet er difor gratis; eigendel, reise – og opphaldsutgifter vert dekt av prosjektmidlar. Programmet er støtta av Kreftforeininga og tilknytt Universitetet i Bergen.
Programmet går over 5 veker (3 + 1+ 1) i løpet av 6 – 7 månader. Dei planlegg 4 grupper med inntil 8 deltakarar i kvar gruppe i løpet av 2010 – 2011.
Første gruppe startar 6. oktober 2010. Nye grupper startar i november 2010, januar og februar 2011.
Les meir:
|
|
|
|