– Vi skal førebyggje sjukdom og gi betre behandling av sjukdom nær der folk bur. Samhandlingsmidlane er ein del av denne satsinga, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
I fjor løyvde regjeringa 73 millionar kroner til samhandlingstiltak. 111 prosjekt frå nord til sør fekk støtte og omfatta over 300 kommunar.
– Den store interessa i fjor viste at mange ser på samhandlingsreformen som riktig og viktig. Eg er sikker på at engasjementet kjem til å vere like stort i år, seier helse- og omsorgsministeren.
Samhandlingsmidlane for i år vil bli tildelt i to omgangar. Søknadsfristane er 24. mars og 1. august. I første runde blir om lag 80 prosent av midlane delte ut. Dei resterande 20 prosent blir delt ut i andre runde for å fange opp alle søknader. Det er Helsedirektoratet som lyser ut midlane og som handsamar søknadene. Søknadsprosessen blir nettbasert.
Regjeringa har løyvd totalt 580 millionar kroner til samhandlingstiltak i 2011.
Publisert
21.02.2011 09:25 |
Endret
21.02.2011 09:59