Designelement
 

Helse Førde stafetten:

101 lag påmeldt 

Over 100 lag er påmeldt til stafetten dette året. Tal personar som går løypa som mosjonistar er over 10-dobla. God påmelding til barneløpet også.
Av Finn Ove Njøsen, Helse Førde
 
Tom Ole Dyrstad håpar på mange deltakarar også dette året i Helse Førde stafetten. Påmeldingsfristen til Helse Førde stafetten er no ute. Fjorårets rekorddeltaking på 81 lag er slått med 20 fleire lag. Dette er tal lag som deltok i hovudstafetten og ungdomsstafetten.

Leiar i Bedriftsidrettslaget ved Førde sentralsjukehus hadde håp om at rekorden på 81 lag skulle betrast dette året.

– Over 100 lag og mangledobling av talet på dei som tek løpet singel overgår alle forventningar, seier Tom Ole Dyrstad, leiar i Bedriftsidrettslaget ved Førde sentralsjukehus.

Det er og fleire lag frå Helse Førde dette året.

– Også dette er gledeleg. Ein av grunnane til er nok at vi har opna for at laga kan stille reine kvinnelag, seier Dyrstad.

Til barneløpet er det så langt meldt på 55 ungar. Påmeldingar til barneløpet er ope heilt fram til start.

Dyrstad oppfordrar til slutt alle som ikkje kan eller ønskjer å delta i sjølve løpet om å vere publikum og heie fram laga.

Publisert 11.06.2012 10:00 | Endret 11.06.2012 10:14 
Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Bernt Ove Flekke | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr