Designelement
 

Helse Førde inviterer til kurs i smittevern:

Antibiotikaresistente bakteriar og diarévirus 

Blir det ei aukande utfordring i framtida med antibiotikaresistente bakteringar og diaré-virus. Temaet blir teken opp på kursdag den 22. mars på Førde sentralsjukehus.
Av Finn Ove Njøsen, Helse Førde
 
Bjørg Marit Andersen - Vi eg glade over å kunne presentere eit flott program med mellom anna førelesing av Bjørg Marit Andersen, professor i medisinsk mikrobiologi og sjukehushygienikar ved Ullevål universitetssjukehus, fortel Karin Harris og Laila Aarnes, begge hygienesjukepleiarar i Helse Førde.

Dei fortel at føredragshaldaren også er ein kjend artikkelforfattar, og er ofte talskvinne i media, og brenn for smittevern.

Målgruppa for kurset er smittevernlegar, tilsynslegar og hygienekontaktar i kommunane. Møteleiar for kurset er hygienesjukepleiar Karin Harris.

Program:

Kl. 09.30 – 10.00:
Registrering, kaffi med noko å bite i

Kl. 10.00 - 10.45: 
Mikrobar ein bør ta på alvor for å hindre smittespreiing i helseinstitusjonar, og korleis ser det ut i fylket vårt no?
Ved mikrobiolog Reidar Hjetland, Helse Førde.

Kl. 10.45 - 11.00:
Beinstrekk

Kl. 11.00  - 11.45:
Har Noroviruset blitt meir virulent dei seinare åra og er det det som er årsaka til hyppigare utbrot i helseinstitusjonar?
ved professor/smittevernlege Bjørg Marit Andersen, Ullevål sjukehus (OUS)

Kl. 11.45 - 12.30:
Utbrot med Norovirus ved Førde sentralsjukehus - er det "Dagmar" eller jula som skal ha skulda for at så mange blei sjuke?
ved overlege

Kl. 12.30 – 13.15:
Lunsj

Kl. 13.15 - 14.15:
Blir dei resistente bakteriane hissigare og vanskelegare å behandle i framtida?
Til dømes MRSA (meticillinresistente gule stafylokokker), VRE (vankomysin resistente enterokokker), ESBL – haldige bakteriar, resistente mykobakteriar.
Ved professor/smittevernlege Bjørg Marit Andersen, Ullevål sjukehus (OUS)

Kl 14.15 -  14.45:
Kaffi og frukt

Kl. 14.45 – 15.30:
Kva har vi gjort gale og er det noko vi kan gjere for å førebyggje?
Ved professor/smittevernlege Bjørg Marit Andersen, Ullevål sjukehus (OUS)

Kl 15.30: Evaluering - avslutning


Publisert 31.01.2012 12:55 | Endret 31.01.2012 13:24 

 Meir informasjon

Tid:
22. mars 2012 klokka 09.30 og 15.30.

Stad:
Auditoriet 2. etasje Førde sentralsjukehus, Førde.

Påmelding til:
Karin Harris innan fredag 16. mars.

Pris:
Kroner 150,- som dekkjer utgifter til servering, og vert å betale kontant ved registrering.

Det er søkt om godkjenning for kurset i legeforeininga og sjukepleieforbundet.

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /