Helse Førde ønskjer fleire blodgjevarar. Å gje blod betyr at ein kan hjelpe alvorleg sjuke menneske.

Mange pasientar er heilt avhengig av at det er blodgjevarar som ønskjer å gjere ein frivillig innsats. Blod kan lagrast i fem veker, og blodbanken har eit konstant behov for nye forsyningar.
Etterspørsel etter blod er aukande. Blod trengs til større operasjonar, ved skadar og ulykker, og mange kreftpasientar har behov for spesielle blodprodukt.
Er du interessert i å bli blodgjevar, og er mellom 18 og 60 år kan du gå inn på
www.giblod.no og registrere deg der. Du vil då få svar frå din nærmaste blodbank. Eller du kan ta direkte kontakt:
- Blodbanken Førde
- Blodbanken Lærdal
- Blodbanken Nordfjord
- Tappestasjon Florø
Kven kan bli blodgjevar?
Hovudregelen er at friske menneske mellom 18 og 60 år kan melde seg som blodgjevar. Blodoverføring må ikkje skade korkje blodgjevar eller mottakar. Difor må blodbanken vurdere nøye kven som kan godkjennast som blodgjevar. For å gjere det må du fylle ut eit skjema med spørsmål helsa di.
Blodbanken må også vere sikker på at det ikkje blir overført smitte til blodmottakar. Ved kvar blodgjeving blir blodet ditt smittetesta og du blir spurt om du har vore i situasjonar der det er auka risiko for smitte med HIV eller hepatitt. I mange land kan det førekomme infeksjonssjukdommar som kan smitte med blod. Difor er det restriksjonar på føde- og opphaldstad.
Publisert
03.08.2010 12:40 |
Endret
29.10.2010 15:13