Designelement
 

Helse i vest:

Dei heimvendte hjelparane 

Helge Hagen var nær åleine i sitt slag. Året var 1994, og den nyleg spesialiserte overlegen kom heim til øyre-nase-hals-avdelinga ved Førde sentralsjukehus som einsleg svale.
Av Arne Eithun, Helse Førde - Foto: Olav Reikvam
 

F.v. Mari Furnes, John Arthur Kvamme, Ola Arne Hjelle, Helge Hagen og Einar Solheim. Alle kollegaene hans var henta inn på korte vikariat frå inn- og utland. Lite heldig når målet er å oppretthalde stabile og velfungerande fagmiljø. Med Helge Hagen flytta løysinga på problemet heim.

Spesialist + distrikt = sjeldan vare
For sjukehus i Distrikts-Noreg er rekruttering av høgt utdanna legespesialistar ofte ei stor og vedvarande utfordring. Ved sjukehuset i Lærdal har mange faste legeheimlar blitt fylte med vikarar i fleire år. Noko av det same utfordringsbilde ser ein både i Odda og på Nordfjordeid. Helseføretaket Helse Førde åleine har sett seg nøydd til å hente inn 300 utanlandske helsearbeidarar, brorparten overlegar.

– Erfaring viser at sjansen for å få stabil arbeidskraft er størst med helsepersonell som har tilknyting til staden, seier Helge Hagen, i dag avdelingssjef ved øyre-nase-hals-avdelinga (ØNH) i Helse Førde.

– Derfor stimulerer vi aktivt kandidatar med lokal bakgrunn til å vende heim. Rekrutteringsarbeidet som er gjort ved ØNH på Førde sentralsjukehus, er suksesshistoria som viser at det er mogleg å lykkast. Avdelinga skiltar i dag med fem lokale ”fjogningar” på laget. Tru ikkje at det er tilfeldig.

Borte bra, heime best
Eit nytt tusenår nærma seg, på sentralsjukehuset i Førde spann Helge Hagen åleine rundt som fast tilsett spesialist. Arbeidspresset var enormt, vaktene mange. Men i tunnelen skimta han lys.

– Eg hadde to lokale kollegaer på veg mot ferdig spesialisering. Sidan har eg greidd å få tilbake endå to til. Det er tidkrevjande, men rekrutteringstrykket må nok setjast inn lokalt, seier avdelingssjef Hagen.

Metoden er å søkje aktivt blant turnuskandidatar og invitere aktuelle personar til hospitering. Det hender òg at Hagen får tips om kandidatar.

– Det har vore viktig for rekrutteringsarbeidet at vi har kunna tilby eit fagleg tilfredsstillande nivå og eit godt arbeidsmiljø. I dag kan Hagen og avdelinga hans skilte med noko så unikt som full lokal dekning. Faget har dei fem overlegane frå Sogn og Fjordane lært ein annan stad.

Takk, Haukeland!
– Konkurransen frå dei større sjukehusa er stor, men godt samarbeid med Haukeland og Helse Bergen sikrar legane våre rask ferdigstilling av spesialiteten der, seier overlege Hagen.

Helse Førde har på si side følgd opp med å gi legane spesialiseringsstipend – og gevinsten for helseføretaket er bindingstid hos dei når legane er ferdig spesialiserte. Då Mari Furnes for kort tid sidan kom heim som den femte lokale legen på øyre-nase-hals-avdelinga, blei endå eit kapittel skrive i suksessoga til Helge Hagen.

– Eg er stolt over å leie ei avdeling med berre kollegaer frå fylket, som alle satsar på ei karriere her. At vi òg har klart å rekruttere ei dyktig og lokal kvinne hit, er veldig kjekt, avsluttar Hagen, glad for ikkje å vere fullt så eineståande lenger.


Publisert 25.01.2012 09:00 | Endret 24.01.2012 15:16 

 Rekrutteringsutfordring:

Få tak i spesialiserte legar i faste stillingar

Døme på tiltak:
• Kontakte turnuskandidatar med lokal bakgrunn
• Hospitere lokale legestudentar
• Samarbeide tett med større sjukehus
• Gi stipend for spesialisering med bindingstid lokalt

 Les heile Helse i vest

Denne artikkelen er ein av fleire som var på trykk i "Helse i vest" som kommunikasjonsavdelingane innan Helse Vest lagar felles.

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /