Ortopedisk seksjon i Lærdal blir stengt i fire veker i sommar. - Vi avviklar fellesferie ved LSH og trur det vil vere best tenleg både for pasientar og Helse Førde, seier Bjørn Morten Øen.
Øen er avdelingssjef for Ortopedisk avdeling i føretaket, og viser til at seksjonen i Lærdal blir stengt frå ettermiddagen 29. juni og fram til 30. juli.
– Då blir det ingen ortopedisk aktivitet i Lærdal. Vi har mest planlagde operasjonar ved sjukehuset, og vi har planlagt med denne stenginga slik at det ikkje vil gå utover våre pasientar. Alle som har søkt seg til Lærdal sjukehus vil få tilbod i tråd med det som er planlagt.
Øen seier det ofte er utfordringar knytt til ferieavvikling, og at dei i år vel fellesferie i fire veker i staden for å bruke heile sommarperioden til ferieavvikling.
– Ein må hugse på at ferieperiodar uansett gjev redusert drift. I staden for å ha denne reduserte drifta heile sommaren, ynskjer vi å gjere perioden kort og effektiv. Vi trur det vil vere best tenleg for alle partar. Og i sum vil vi kunne ha ei meir effektiv drift med større aktivitet, seier han.
Kva med dei som treng rask hjelp når seksjonen er stengt?
– Ortopediske pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp skal i hovudsak til Førde, slik har det vore dei siste åra. Men det kan tenkjast at det vil vere pasientar med mindre skadar, som ikkje kan nytte seg av skadepoliklinikken ved LHS i denne perioden. Dei må anten få hjelp hjå den kommunale legevakta, eller bli sendt til Førde, seier Øen.
Publisert
20.06.2012 12:25 |
Endret
25.06.2012 15:17