Dette sa Hareide under ein idedugnad i Førde den 23. november.
Kommunerepresentanten understreka vidare at pasient- og pårørandeopplæring er eit viktig ledd i mange pasientforløp, men at manglande kommunale tilbod gir brot i forløpet når pasienten blir skriven ut frå sjukehus og fastlegen ikkje veit kvar ein kan finne opplæringstilbod.
Hareide er førstelinjetenesta sin representant i den regionale prosjektgruppa, som i regi av Lærings- og meistringssenteret, arrangerte ein brei tverrfagleg/tverrsektoriell idédugnad knytt til utforming av det framtidige pasientopplæringsfeltet i Helseregion Vest.
På idédugnaden for Sogn og Fjordane var både representantar for brukarane, fagfolk og leiarar i ulike yrkesgrupper både frå første og andrelinjetenesta, og dei private rehabiliteringsinstitusjonane til stades. I idédugnaden reflekterte ein med utgangspunkt i følgande utfordringar:
Pasient og pårørandeopplæring – den fjerde hovudoppgåva for sjukehusa
-
Korleis etablere pasientopplæring, læring & meistring som ein del av dei heilskaplege behandlingskjedane internt i spesialisthelsetenesta ?
-
Er det ønskeleg, og eventuelt korleis kan kommunane støtte utvikling av lærings- og meistringstilbod i helseføretaket ?
Samarbeid på tvers
-
På kva områder kan spesialisthelsetjenesta og kommunane samarbeide om, og/eller fordele oppgåver/funksjonar på pasientopplæringsfeltet ?
-
Korleis kan helseføretaket støtte utvikling av lærings- og meistringstilbod i einskildkommunar eller i kraft av interkommunale samarbeidsprosjekt ?
-
Korleis kan ein legge til rette for at brukarar og pårørande får tilbod om relevant opplæring i høve til sine utfordringar uavhengig av forvaltningsnivå ?
Pasientopplæring, læring og meistring der ein lever og bur
-
Kva lærings- og meistringstilbud kan det vere føremålstenleg å tilby i einskildkommunar eller eventuelt gjennom eit interkommunalt samarbeid ?
-
På kva områder kan frisklivsentralane og lærings- og meistringssentera samarbeide ?
Kompetanse og kvalitetsutvikling
- Kva kompetanse treng brukarrepresentantar og tilsette som skal delta i pasient- og pårørandeopplæring (i sjukehus og kommunar) ?
- Korleis kan ein stimulere til forskning og kvalitetsutvikling på feltet ?
Prosjektleiar Gro Beate Samdal peika på at representantane frå kommunane på idédugnaden gav uttrykk for at dei treng støtte frå helseføretaket for å kunne etablere lokale frisklivs- og meistringstilbod.
- Eg ser absolutt behovet for felles arenaer for kompetanseutvikling og behovet for samarbeidsprosjekt på tvers av forvaltningsnivåa, sa prosjektleiaren.
Ein idédugnad handlar om å «stå på skuldrane» til kvarandre. Avdelingssjef Stig Igland ved LMS i Helse Førde supplerte prosjektleiaren, og framheva at ein fekk mange gode og konstruktive innspel som opnar for interessante perspektiv som ein vil arbeide vidare med i prosjektet.
Alle deltakarane på idédugnaden har fått tilsendt ei systematisert oppsummering av innspela på idédugnaden. Andre interesserte som ønskjer å få tilsendt resultata frå idédugnaden kan vende seg til Lærings- og meistringssenteret på tlf. nr. 57839870, eller sende e – post til: Siv Monja Sjaastad.
Publisert
15.12.2011 10:10 |
Endret
15.12.2011 10:13