Helse Førde HF har formalisert funksjonen som koórdinerande eining på føretaksnivå ved å knyte den til Lærings- og meistringssenteret ved funksjonen som rådgjevar med bindeleddsfunksjon mellom Helse Førde HF og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
Koordinerande eining er forankra i "Lov om spesialisthelsetjenesten", "lov om kommunale helse og omsorgstjenester" og "lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern". Funksjonen er forskriftsfesta.
Oppgåver til koordinerande eining:
- Ha generell oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen.
- Bidra til å sikre heilhetlig tilbod til pasientar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering.
- Ha oversikt over og kontakt med habiliterings- og rehabiliteringsverksemda i kommunen.
- Ha overordna ansvar for arbeidet med individuell plan.
Helse Førde HF
Private Rehabiliteringsinstitusjonar
Koordinerande einingar i kommunane
Publisert
18.01.2011 14:25 |
Endret
26.01.2012 12:10