Designelement
 

Kurs for å bli treningskontakt 

Ønskjer du grunnleggjande kompetanse for å arbeide med fysisk aktivitet og friluftsliv for menneske med ulike diagnosar. Då er treningskontaktkurs noko for deg.
Av Helse Førde
 
Tiltak for pasientar med rusproblem, psykiske lidingar, overvekt og diabetes.

  • Kurset gir grunnleggjande kompetanse til å arbeide med fysisk aktivitet og friluftsliv for menneske med ulike diagnosar.
  • Treningskontakten si oppgåve er oppfølging av klientar/pasientar med ulik type trening og aktivitetar.
  • Ingen formell forkunnskap er nødvendig.
  • Arbeidet er løna (som støttekontaktordninga).
  • Treningskontakten vil få dekt utgifter til trening.
Vi har behov for treningskontaktar i alle kommunar i Sogn og Fjordane og i alle aldrar.

Kurshaldarane er erfarne medarbeidarar frå Helse Førde og Oslo Universitetssykehus.



Publisert 14.10.2013 14:20 | Endret 14.10.2013 14:32 

 Praktisk informasjon:

Kurset blir arrangert i Førde:
Del 1: 08.-10.november 2013
Del 2: 29.-01.november/des. 2013

Pris: kr 1.500,– for heile kurset (del I og II= 40 kurstimar) inkl. lunsj.

Påmelding til Camilla Søvig, Psykiatrisk klinikk, Førde sentralsjukehus.
Tlf. 99158155 eller epost

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Terje Ulvedal | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr