Designelement
 

Vaksenhabiliteringa inviterer til kurs:

Lausriving - Vegen fra barn og avhengig, til vaksen og sjølvstendig 

Temaet fokuserer på unge med nedsatt funksjonsevne/spesielle behov og korleis kan vi forstå det når overgangen til vaksenlivet vert annleis enn forventa, og kva gjer det med ungdommen, foreldre og hjelpeapparatet.
Av Finn Ove Njøsen, Helse Førde
 
Vaksenhabiliteringa inviterer til kurs Målet med kurset er å auke forståinga av kva som hindrar den forventa utviklinga, og kva gjer dette med oss.

Førelesar er Tonny Helgøy. Han er (sjefspsykolog) klinisk spesialist innanfor barne- og ungdomspsykologi og snart ferdig med si spesialisering innanfor vaksenpsykologi. Han har arbeid ved fleire avdelingar ved Psykiatrisk klinikk og ved Vaksenhabiliteringa.

Målgruppa for kurset er fagpersonar som samarbeider med foreldre til personar med hjelpebehov i etableringsfasen, og andre interesserte.

Arrangøren oppmodar også om å kome med innspel til vaksenhabiliteringa, til dømes tema/innslag til framtidige tema til enkeltståande kurs og habiliteringskonferansen. Vaksenhabiliteringa arrangerer habiliteringskonferansen anna kvart år. Den neste er 23. og 24. oktober 2013, og har eit foreløpig tema: ”Frå foreldreomsorg til offentlig omsorg – til sorg eller glede?”

Send forslag, innspel eller påmelding til epost.

Publisert 07.08.2012 09:45 | Endret 07.08.2012 10:21 

 Påmelding/praktisk informasjon

Påmeldingsfrist:
Onsdag 22. august 2012

Påmelding til:
E-post eller telefon 57839710

Stad:
Førde sentralsjukehus, auditoriet, 2. etasje

Tid:
Tysdag 28. august mellom klokka 10.00-15.00. Registrering startar frå klokka 09.30

Kursavgift:
Kroner 250,- som dekkjer enkel lunsj og kaffi. Kursavgift blir fakturert frå vaksenhabiliteringa. Gje opp adresse for rekning ved påmelding

 Vaksenhabiliteringa

Vaksenhabiliteringa i Sogn og Fjordane gjev tilbod om kurs og grupper for brukarar som eit ledd i vår oppfølging. Målet er å gje eit brett tilbod av kurs om mellom anna skal hjelpe til med å formidle ny kunnskap og forståing.

 Les meir om:

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Bernt Ove Flekke | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr