Pårørande - ein gløymd ressurs?
Forsking viser at pårørande er ein verdfull ressurs for dei som blir råka av alvorleg psykisk sjukdom. Pårørande sine kunnskapar og haldningar påverkar sjukdomsprosessen. Forsking viser og at personar som til dømes har schizofrenisjukdom, får færre tilbakefall når pårørande får betre oppfølging i form av undervisning og samtalar med fagfolk og andre pårørande.
Kurset går over fire kursdagar.
Ansvarleg for opplæringa:
Psykiatrisk klinikk i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret (LMS), Landsforeninga for Pårørande innan Psykiatri (LPP) og Mental Helse.
Stad:
LMS, ved Rema 1000 Vie senter, 6800 Førde.
Tid: 26. mars, 10. april, 23. april og 7. mai 2012.
Målsetjinga med tilbodet er:
- Kunnskap skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen.
- Høve til dialog med ulike faggrupper.
- Høve til å møte andre i same situasjon.
Kurset vil innehalde ulike tema:
- Psykosesjukdomar
- Symptom
- Behandling
- Oppfølging
- Medisiner
- Teikn på tilbakefall
- Å leve med psykisk sjukdom
- Å vere pårørande
- Bruk av tvang
- Pasient og pårørande sine rettar
- Lovverk
Det blir veksla mellom undervisning, høve til å stille spørsmål og utveksling av erfaringar.
Publisert
14.02.2012 12:45 |
Endret
15.02.2012 10:23