Medisinsk sengepost har ca 60 tilsette, sjukepleiarar og hjelpepleiarar. Sengeposten har 41 senger.
Medisin, var då eg starta, delt i medisin A og B. No er vi slått saman til ein medisinsk sengepost. Sengeposten er inndelt i ulike spesialitetar. Nyre/diabetes, mage/tarm, lunge
infeksjon og hjarte i tillegg til at vi har lungekreftpasientane. På alle spesialitetane/fagfelta er det sjukepleiar 1 som har eit særskilt ansvar for å fylgje opp dei ulike pasientgruppene. Vi har òg ein kreftsjukepleiar og ein diabetessjukepleiar. Vidare har sengeposten eit luftisolat. Dette skal nyttast til dei pasientane i Sogn og Fjordane som treng ein slik isolasjon. For at vi best mogeleg skal kunne lære opp/informere om bruken av dette isolatet har vi ein hjelpepleiar og ein sjukepleiar som tek seg av det.
Kompetanse
At vi har sjukepleiarhøgskulen i nærleiken av oss betyr mykje for den kompetansen dei tilsette på medisin har opparbeida seg. Høgskulen tilbyr korte vidareutdanningar der eg har moglegheit til å imøtekomme personale med tanke på permisjon, anten det er med eller utan løn. Den faglege kompetansen til dei tilsette er høg. På medisin er det ikkje stor gjennomtrekk av personale og noko av grunnen er at vi er opptatt av å legge til rette for fagleg utvikling.
Godt arbeidsmiljø er eit anna nøkkelord og det har vi på medisinsk sengepost.
Det er ei utfordring å “sjå” alle. Heldigvis har eg har ein fagutviklingssjukepleiar som er god på å fange opp aktuelle tema. Vi nyttar det vi kan av tid til fagleg påfyll. Til tross for at medisin er ein stor sengepost med mange pasientar har vi greidd å setje av ein halv time kvar morgon til fagleg påfyll/diskusjon rundt etiske dilemma. Det er viktig å ha ein arena der slike tema kan takast opp.
Utfordringar
Ei utfordring er rett kompetanse til einkvar tid. Dei fleste av pasientane våre kjem inn som øyeblikkeleg hjelp pasientar. Pasientane som ligg i sengeposten i dag treng tett oppfølging. Eg arbeidar for at sengeposten skal ha spesialutdanna sjukepleiarar innan alle våre ulike fagfelt. Vi er på god veg :-)
Ei anna utfordring på medisinsk sengepost er samhandlinga med kommunehelsetenesta. Gjennomsnittsalderen på våre pasientar er høg og vi har mange som treng teneste frå kommunen. Det var difor kjempeflott å få vere prosjektleiar for prosjektet ” Betre praksis for utskriving av pasientar”. Eit prosjekt som no går inn i fase 2 med fokus på samarbeid og samhandling med kommunehelsetenesta.
Å vere oversjukepleiar på medisinsk sengepost er ein kvardag full av utfordringar. Mi stilling inneheld både administrasjon og leiing. Administrasjon tek mesteparten av arbeidsdagen min. Eg skulle nok ønske at eg kunne nytte meir av tida mi til leiing.
Motivasjon
Dei tilsette får mange gode tilbakemeldingar frå både pasientar og pårørande og eg må seie eg er stolt av det arbeidet dei tilsette på medisinsk sengepost gjer. At eg får lov til å vere leiar for ein slik positiv stab er nok ein del av årsaka til at eg trivast i den jobben eg har.
Publisert
23.02.2011 13:55 |
Endret
23.02.2011 14:31