Det var ein sommardag i 2005, då himmelen var grå men viljen var sterk, at eg flytta frå Estland til Norge for å fortsette, eller rettare sagt, starte i eit nytt land, med alle dei fellesbetegnelsane som eg kalla ”nytt”… Det var ikkje ei fortsetting som eg tenkte, men starten på en prosess.
Vestlandet har eit vakkert landskap med tusen ulike andlet. Eit land med ei sjarmerande enkelheit. Når sjela treng til meir fridom, enn der er mellom dei tunge fjella, er det berre å klatre opp på fjelltoppane og la tankane få av fridomen.
Yrkeserfaringa mi starta for 20 år sidan. Då var eg ferdig med den første utdanninga mi i smittevern. Dei siste 10 åra før eg reiste til Norge arbeidde eg ved Tartu Universitetssjukehus som hygienesjukepleiar.
Mitt Helse Førde? – ”mitt” kan det kun vere ved å bli integrert, vere i stand til å gi og ta i mot...
Integrasjon set eit slags krav om å bli godteken eller fått ”bestått” i samfunnet. For å vere integrert i samfunnet skal du snakka, skrive og forstå landets morsmål også med alle dei små ”krydderorda” som gir det vesle ekstra til språket du snakkar– elementært ikkje sant! Språket til ein ny verdsborgar i samfunnet er som ein grunnstein, eit fundament ein startar å bygge utviklinga si på. Når eg som fastbuande estlendar med mine røter djupt planta i jorda, reiste på lengre småturar til utlandet tenkte eg ikkje over kor betydningsfullt eit morsmål er for menneska. Å snakka morsmålet gir tryggleik, og kunne bruke andre språk er eit pluss. For å få språkleg tryggleik måtte eg ”skifte” språk.
For å vere lojal mot yrke eg hadde før og samstundes bli integrert, starta eg eit eittårig norskkurs. Vegen vidare var bachelor i sjukepleie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I heile studietida var eg tett knytt til Helse Førde som student.
Etter ca. 20 års yrkeserfaring i landet mitt som helsearbeidar, la eg merke til mange ulikheiter, til dømes ein aggressivt måte for klatring i ”maktstigen” som tilsynelatande verkar som viktig for nordmenn.
Eg vart tilsett i Helse Førde i november 2010 som hygienesjukepleiar - igjen. Stillinga som hygienesjukepleiar omfattar hovudsakleg arbeid med infeksjonsovervaking for å få og gi oversikt over den epidemiologiske situasjonen, samt førebuing mot infeksjonar. Arbeidet er i hovudsak eit kvalitetssikringsarbeid.
I januar 2011 vart eg prosjektleiar i delprosjekt 1 i Helse Førde. Dette er eit kvalitetsprosjekt innan smittevern i Helse Vest/Førde med målseting å redusere sjukehusinfeksjonar og betre pasienttryggleiken ved å vise kor viktig handhygiene er i helseinstitusjonar. Helsearbeidarar skal ha best mogeleg kunnskap innan ovannemnde fagområde og at det på systemnivået er lagt rette for at helsearbeidarar kan gjennomføre ei god handhygiene. Eg er takksam over tilliten eg har fått frå kollegaer og leiing for at eg som ny i ”Mitt Helse Førde” får vere med i dette prosjektet. Utfordringar gjer oss sterkare!
Mitt Helse Førde – med tillit og støtte frå kollegaer som medmenneske, kan eg, og kanskje andre som er nyintegrerte, etter kvart føle at vi ikkje berre kan seie ”Mitt Helse Førde” men også føle dette. Ord utan kjensler er ord utan verdi.
Publisert
14.06.2011 10:30 |
Endret
14.06.2011 11:22