Designelement
 

Mitt Helse Førde - Endre Kirketeig 

Gleda av å få samarbeide med mange flinke og engasjerte fagpersonar både i kommune- og spesialisthelsetenesta til felles beste for pasientane er min hovudmotivasjon for å arbeide i Helse Førde, skriv Endre Kirketeig.
Av Endre Kirketeig, koordinator behandlingshjelpemiddel LMS
Endre Kirketeig har sitt kontor ved Lærings og meistringssentret ved Førde sentralsjukehus.  
Endre Kirketeig har sitt kontor ved Lærings og meistringssentret ved Førde sentralsjukehus.

Saman er vi sterke. Eg ser at vi er med på å gjere ein forskjell!

Når eg no har fått høve til å fortelje om mi oppleving av å arbeide i Helse Førde er det første som slår meg – korleis i all verda eg hamna her… Eg har nok ein litt annan bakgrunn enn dei fleste ergoterapeutar. I utgangspunktet var eg lastebilsjåfør og anleggsarbeidar innan elektrisitet og telefoni/radio/tv. Men etter mange år med tungt fysisk arbeid, gav kroppen beskjed om at det no var på tide å søke ein lettare kvardag. Etter arbeidsavklaringskurs gjennom NAV fekk eg råd om å begynne å jobbe med folk, og ikkje lenger for folk. Så gjekk det slag i slag. Fire år på skulebenken, derav tre år på ergoterapeutdanninga ved Høgskulen i Bergen.

Allereie etter berre tre veker på skulen blei vi sendt ut i praksis. Mitt første møte med helsevesenet var ei vekes hospitering ved Avdeling for Fysikalsk Medisin og Rehabilitering (AFMR) ved Førde Sentralsjukehus. Eg vart mottatt med opne armar. Dei var glade for å kunne doble talet på mannlege ergoterapeutar, sjølv om det berre var for ei veke i denne omgang.

Tilbake til AFMR
Etter eit år var eg tilbake på AFMR, denne gong for ein praksisperiode på tre månadar. Eg blei raskt overbevist om at dette ikkje ville passe for meg. Å ikkje få følgje opp pasientane i heile sjukdomsforløpet verka for meg lite tilfredsstillande. Men eg har i ettertid sett at det ikkje er slik det fungerer i spesialisthelsetenesta.

Våren i 2001 fekk eg melding frå avdelingssjefen på avdelinga at det skulle opprettast ei halv stilling i ambulant rehabiliteringsteam, og dei såg gjerne at eg søkte. Eg fekk eit vikariat i ambulant rehabiliteringsteam for eit år, og i tillegg halv stilling på ergoterapiseksjonen med Nevrologisk- og Medisinsk avdeling som ansvarsområde. Brått var eg hamna i spesialisthelsetenesta, nesten imot min vilje . . .

Når eg vart betre kjent med oppgåvene og alle dei dyktige og engasjerte medarbeidarane på  avdelingane, merka eg at eg trivdest godt i lag med pasientane. Eg trur dei fleste av medarbeidarane og syntes det var greitt med fleire menn i kollegiet.

Etter to år fekk eg tilbod om ei 50% fast stilling som ergoterapeut i HMS seksjonen. Eg er ein nysgjerrig person av natur, og eg takka eg ja utan heilt å vite kva eg gjekk til. Brått hadde eg fått alle tilsette i føretaket som ansvarsområde, i tillegg til pasientane...

Blei Koordinator
Året etter blei eg på nytt kasta på ”djupt vatn” då eg blei tilsett som koórdinator for behandlingshjelpemiddel (BHJM). Funksjonen som koórdinator for behandlingshjelpemiddel er plassert under Lærings- og meistringssenteret. Der har eg vore så heldig og ha fått arbeide vidare i ambulant rehabiliteringsteam og med ulike lærings og mestringsprogram. Særleg givande har det vore å få delta i ei tverrfagleg gruppe som yter tenester til heimerespiratorpasientar.

Når eg no er lova mine 5 minutt i rampelyset, så vil eg nytte høvet til å fortelje litt meir om behandlingshjelpemiddelordninga. Ansvaret for ordninga blei nesten over natta overført til helseføretaka frå Rikstrygdeverket i 2003. I praksis innebar dette overføring av ansvaret for økonomi, formidling av medisinsk teknisk utstyr/forbruksmateriell og ansvar for at utstyret blir brukt rett. Nokre døme kan vere respiratorar, inhalasjonsapparat, surstoffapparat, drenasjeutstyr, kompresjonsplagg, sprøytepumper, eingongsinfusjonspumper, CPAP/BiPAP og biofeedbackapparat.

Betre oppfølging
Intensjonen med omlegginga var at ein ønskte å få tettare medisinskfagleg oppfølging av pasientane. Lover og forskrifter er å forstå slik at helseføretaka no hadde fått det medisinske og økonomiske ansvaret for oppfølging av alle heimebuande i fylket som nyttar behandlingshjelpemiddel. I praksis er dette menneske som får spesialistbehandling utanfor sjukehusa. Ein kan kanskje kalle dei ”korridorpasientar” då ansvaret for utstyret, opplæring i bruk og oppfølging av behandlinga ligg til spesialisthelsetenesta.

Vi overtok ei mengd utstyr og pasientar utan noko system. Manglande opplysningar om diagnose og kva type utstyr dei faktisk hadde gjorde dette til eit vanskelig arbeid. Medisinskteknisk Avdeling gjorde ein formidabel jobb for å få oversikt over pasientane og fagfeltet, så eg kunne gå til ei oppgåve der systema for drifta og pasientlister stort sett var på plass. Eg lurte i starten på kva eg hadde gitt meg ut på no, men fekk god tid og opplæring av Jon Erik Skei til å sette meg inn i dei ulike problemstillingane. Etter tre ca. veker hadde vi danna oss eit bilete på korleis vi ville at denne tenesta skulle vere.

Nettstad for behandlingshjelpemiddel
Det siste nye no er at behandlingshjelpemiddelordninga har fått ei ny funksjonell heimeside, som eg allereie no ser at er til stor nytte for både helsepersonell og pasientar. Ei stor takk til min gode kollega Siv Monja Sjåstad som med sin ”fingerspitzgefyl” utforma sida på ein framifrå måte. Berre sjå her:

Å sikre ei god oppfølging krev tett samarbeid med aktuelle representantar frå det lokale hjelpeapparatet som har det daglege ansvaret for pasientane. Spesialisthelsetenesta finansierer innkjøp og teknisk vedlikehald av utstyret, medan kommunane har ansvar for oppfølging av pasientane. Det er vel dette vi med rette kan plassere under kategoriane ”saumlause tenester” eller ”heilskaplege behandlingskjeder”. Eg samarbeider godt med mange helsearbeidarar i kommunane som til dømes representantar frå heimesjukepleien, legar og fysioterapeutar.

Medan eg framleis er i rampelyset vil eg gjerne nytte høvet til å skryte, nesten uhemma, av alle dei eg samarbeider med i Helse Førde: sjukepleiarar på dei fleste kliniske avdelingane, alle dei dyktige fagfolka på Medisinteknisk Avdeling, Forsyningsavdelinga, legane og alle dei andre. Dei har alle gjort ein fantastisk jobb i forhold til å ta på seg oppgåver. Eg hadde ikkje klart å utføre mitt arbeid, halde budsjettet og gi eit godt tilbod til ”kundane våre” utan hjelpa og forståinga eg har fått frå tilsette på alle nivå i alle klinikkar og avdelingar i føretaket.

Kan planlegge
Men vegen hit har absolutt ikkje vore nokon ”dans på roser”. Men saman har vi funne tenlege løysingar på mange utfordringar. Det er stor forskjell på måten eg arbeider på i dag, i forhold til i lastebilyrket eg forlot der avgjerder måtte takast på sekundet, og ikkje kunne vente til neste budsjettår. No planlegge vi i lange tidshorisontar. Sjølv har eg oppdaga at tolmodet mitt er blitt betre etter åra i Helse Førde, og det set i alle fall kona mi pris på.

Eg tenkjer ofte på kva eg eigentleg arbeider med. Behandling i heimen for lidingar som for få år sidan berre kunne skje på institusjon. Når ein til dømes ser på respiratorpasientar som no kan bu heime og ha eit, etter måten, godt liv tenkjer eg på at då eg byrja køyre lastebil brukte vi 7–8 timar til Bergen. I dag køyrer vi tur/retur på den same tida. Det betyr at avstandane til spesielle tenester er blitt mykje kortare og tryggleiken i det vi gjer er blitt mykje betre. Eg kjenner meg trygg på at pasientane får dei beste tenestene vi er i stand til å tilby. Ikkje alltid optimalt i forhold til deira ønske, men gode og trygge tenester som fungerer godt for både helsetenesta og pasientane.


Publisert 07.04.2011 14:35 | Endret 07.04.2011 15:12 

 Tidlegare Mitt Helse Førde

 Sjå også:

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /