Designelement
 

Mitt Helse Førde - Finn Trædal 

Finn Trædal kom første gongen til Tronvik i 1972. Han har sett ei rivande utvikling der driftsansvaret har variert frå fylkeskommunen til Sandviken sykehus, attende til fylkeskommunen og no Helse Førde.
Av Finn Trædal, seksjonsleiar for avd. Tronvik
Finn Trædal er seksjonsleiar på Tronvik.  
Finn Trædal er seksjonsleiar på Tronvik.

Eg er ein av nissane som var med på flyttelasset frå fylkeskommunen til helseføretaket då Helse Førde vart fødd i 2002. Og – fritt etter Jacob Sande: ”midt under hardaste taket, smatt Tronvik”, som var gammal ungkar, ”fortumla” inn i den heilage ektestanden og vart ”smidd i hymens lenker” med unge og vakre Psykiatrisk klinikk, og dei to vart eitt. Rett nok hadde dei vore forlova nokre år, så det var både rett og rimeleg å finne ei sømelegare samlivsform.

Til Tronvik kom eg første gongen som pleieassistentvikar i 1972. Eg var rimeleg godt kvalifisert, for eg kom rett frå førstegongstenesta i marinen, der eg var påmønstra gamle ”Valkyrien” som sanitetsmann. ”Pille” kalla dei meg der ombord. Det var ei privilegert stilling med få oppgåver og kort arbeidstid – svært høvande for meg.

Kyrkjebø er, som mange veit, ei perle på jorda, truleg skapt for at sinnslidande kunne komme og få fred i sjela, vakkert som det ligg til med panoramautsikt over Sognefjorden, som i 1972 var eit ynda reisemål for russiske ubåtar og såleis midt i blinken for ein nyleg avdanka marinegast. Verdens navle, med andre ord.

Her, på Tronvik, vart interessa mi for psykiatri vekt. Med sine vél 170 pasientar – fantastisk fine folk, med kvar si unike og ofte tragiske historie bak seg. Frå kvar sin vonde skjebne var dei komne hit i von om eit betre liv.

Her fann eg eit herleg arbeidsmiljø tufta på kjærleik og godt humør, der dei tilsette gjorde det dei kunne for å gje pasientane meiningsfulle aktivitetar og eit godt liv.

Såleis ramla eg inn i fylkeskommunen, i den delen som langt seinare skulle bli ”Mitt Helse Førde”.

Før hadde eg rekna med at eg kom til å bli lærar eller lektor, som svært mange andre i slekta mi. Det såg jo så enkelt ut, med lang sommarferie og greier. Eit år på det som då heitte Fylkessjukeheimen Tronvik snudde opp-ned på dei tankane. Eg vart umåteleg fasinert av både pasientane og institusjonen og dermed vart det sjukepleiarutdanning i staden.

Etter 3 år på Haukeland vart det derimot somatikk på programmet. Den gongen var det sjukehus i Høyanger og dei kunne gjere seg nytte av ein kar som meg. Fylkessjukehuset i Høyanger var ein fantastisk arbeidsstad. Desse små, 3-delte sjukehusa tok imot alle slags pasientar, og dei vi ikkje reparerte sjølv, gjekk vidare med sjøfly eller helikopter til Haukeland. Her fekk eg ei svært lærerik tid. Det meste av det eg ikkje lenger kan, lærte eg der. Eg fekk gleda av å vere med å etablere ei separat medisinsk avdeling der og var avdelingssjukepleiar på den i 6 år. Før den tid var kirurgisk og medisinsk avdeling til dels blanda.

I 1979 kom Sentralsjukehuset, og dermed starta dødskampen til sjukehuset i Høyanger. Vi oppretta ein aksjonskomité som eg vart leiar for, og vi kjempa ”heftig og begeistret” i tre år før vi tilslutt måtte kaste inn handkledet og legge våpna ned. I ein periode brukte eg nesten all mi tid på dette. Paradoksalt nok var det såpass høgt under taket i fylkeskommunen at det var lett å få naudsynt permisjon til å drive sjukehuskamp på heil tid. Og, etter mitt syn, slost vi med blanke våpen. Sjølv om dette var uhyre interessant, var det også slitsamt, så då sjukehuset i 1983 var nedlagt, hadde eg sjukehuskamp såpass langt opp i halsen at eg måtte finne meg noko anna å styre med.

Eg stilte til val som hovudtillitsvald for Norsk Sykepleierforbund, som då hadde tinga fram eit slikt verv i heil stilling i fylkeskommunen, og eg vart innvald i dette. I den tida var alle sjukeheimar fylkeskommunale, og alle kommunar hadde ein. Det vart mykje reising rundt i heile fylket, så eg fekk høve til å studere mykje godt vegarbeid på nært hald i nokre år.

Etter eit år i Bergen – med eit pynteleg stipend i baklomma – for å lære meir psykiatri, kom eg attende til gode, gamle Tronvik i 1988 som ein av 5 nye psykiatriske sjukepleiarar.

Her var sanneleg mykje endra sidan sist (1972). Pasienttalet var meir enn halvert – til 70. Institusjonen var blitt underbruk av Sandviken Sykehus (§10 LPH) som dreiv mellombels klinikkavdeling her i påvente av at Psykiatrisk klinikk i Førde skulle komme (i 1990). Overlegar, psykologar og sosionomar frå Sandviken var ”utplasserte” her, og sytte for store og utfordrande endringar for folk på Tronvik. Dette vart ei særs lærerik tid for dei tilsette og gjorde Tronvik til ein ”ny” institusjon.

Eg fekk jobben med å reetablere attføringsavdelinga som hadde lege nede nokre år. Det var ei lita avdeling som dreiv ADL-trening med langtidspasientar som skulle utskrivast til heimkommunane.

Etter nokre få år var pasienttalet ytterlegare halvert, om lag til dagens nivå, og attføringsavdelinga vart lagt ned. Dette skuldast i første rekkje at Psykiatrisk klinikk, som opna i 1990, måtte få att dei 6 stillingane Tronvik hadde hatt på lån nokre år.

Frå 1994 vart Tronvik ”underbruk” (§10, LPH) av psykiatrisk klinikk, og, som nemnt, frå 2002 har vi vore ein institusjon.

No er vi altså ”halve” psykiatrisk klinikk, med mange dyktige fagfolk og medarbeidarar som gjer ein framifrå jobb og ”produserer” meir enn 100 årsverk til svært god nytte for samfunnet og til glede for mange menneske som treng oss.

Vi har tre postar. Ein lukka tryggleikspost som er fylkesdekkande, ein DPS-post for Sunnfjord og ytre Sogn, og ein tverrfagleg spesialisert rusbehandlingspost med tilbod om familiebehandling. Denne posten tek imot pasientar frå heile Vestlandet. Så har vi ei aktivitetseining som tilbyr idrettsterapi, arbeidsterapi og musikkterapi.

Det har vore mange omstillingar og utfordringar på vegen fram, og mange vil nok framleis komme. Eg skulle ynskje at fleire ville velje psykiatrien som arbeidsområde. Dei færraste angrar på eit slikt val, fordi det gjev så mykje attende.

Største utfordringa i alle mine år her har vore at sterke krefter har vilja legge ned institusjonen her. Men, i mine auge er Tronvik ei perle! Det er Tronvik som er mitt Helse Førde.


Publisert 04.03.2011 15:00 | Endret 07.03.2011 08:48 

 Tidlegare Mitt Helse Førde

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /