Mi utdanning og tidlegare arbeidserfaring har vore knytt til transport og logistikk, og høva såleis godt til jobben eg har i Pasientreiser. Eg begynte i Pasientreiser september 2009.
Pasientreiser er ei avdeling i Helse Førde, underlagt Intern Service. For tida er det 21 tilsette knytt til avdelinga. Pasientreiser er ei forholdsvis ny avdeling i føretaket, og har ei viktig rolle i logistikken knytt til pasientflyten i organisasjonen.
Pasientreiser Helse Førde har forvaltningsansvar for pasientreiser i Sogn og Fjordane. Pasientar skal i utgangspunktet organisere si eiga reise, og kan krevje sine utlegg refundert frå Helse Førde etter gjeldande reglar. Pasientar med behov for drosje/turvogn skal få naudsynt skyssopplegg så langt behov og regelverk tilseier.
Pasientreiser Helse Førde skal ivareta pasientane sine rettar i etter lov og forskrift. For å sørgje for dette på ein mest muleg rasjonell og sikker måte er avdelinga delt inn i to einingar:
- Oppgjerseining
- Operativ eining
Oppgjerseining
Oppgjerseining sine primæroppgåver er å kontrollere og utbetale krav som kjem inn til Pasientreiser Helse Førde. Krav kjem inn anten som eit enkeltoppgjer frå pasient, eller som eit direkteoppgjer frå transportør.
Enkeltoppgjer skal kontrollerast opp mot lov og forskrift. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for behandling av enkeltsaker i PRO. (PasientReiseOppgjer)
Direkteoppgjer skal kontrollerast opp mot kontrakt til Helse Førde sine kontraktspartnarar.
Operativ eining
Operativ eining har to primæroppgåver. Den eine er å svare på innkomande telefonar og effektuere dei, den andre er å organisere reiser med rekvisisjon etter rimeligaste løysing for Helse Førde. Samordninga av transport skal ta omsyn til reisestrekning, pasienten sine behov, akseptabel ventetid og eventuelle omvegar. NISSY (Nasjonalt IktSystem for SYketransport) blir nytta som arbeidsverktøy for organisering av reiser med rekvisisjon.
Utfordring
Pasientreiser har for tida fleire viktige fokusområde. Kan blant anna nemnast at dei fleste av Pasientreiser Helse Førde sine kontraktar skal fornyast i løpet av 2011/2012. Dette er ein viktig og tidkrevjande prosess. Kjøp av tenester frå transportørar, skal gjennomførast i samsvar med Lov og forskrift om offentlige anskaffelser.
Eit anna fokusområde er soneinnkalling. Dette er eit system for å betre koordineringa av pasienttransport i Sogn og Fjordane. Dette systemet går kort ut på at pasientar som kjem frå same område, vert kalla inn til behandling i same tidsrom. På den måten kan det ordnast med felles transport, som for eksempel ”sonebuss” (helsebuss) eller samkjøring med drosje. Det er unødvendig dyrt for Helse Førde å køyre eksempelvis fire pasientar i kvar si drosje, når desse kunne reist saman i taxi eller helsebuss dersom pasientane vert kalla inn på same tidspunkt.
Eg trivest godt i Pasientreiser Helse Førde og det motiverar å jobbe både med fag og pasientretta utfordringar. At ein i tillegg har gode kollegar og godt arbeidsmiljø er absolutt ikkje noko minus.
Elles prøver eg å halde meg aktiv i fritida, men det vert dessverre ikkje nok. Er blant anna med på volleyballtreningane til bedriftsidrettslaget til Førde sentralsjukehus. Dette er veldig moro, og oppfordrar fleire til å stille opp.
Publisert
31.08.2011 09:00 |
Endret
31.08.2011 09:34