Designelement
 

Mitt Helse Førde - Knut O. Halseth 

Eg kom til Førde og jobben som sjukehussosionom i september- 98 og har hatt stillinga sidan då. Vi er to sosionomar som deler oppgåvene i somatikken mellom oss, skriv Knut O. Halseth i "Mitt Helse Førde".
Av Knut O. Halseth, sosionom
Knut Olav Halseth er sosionom med FSS som arbeidsstad.  
Knut Olav Halseth er sosionom med FSS som arbeidsstad.

Rehabiliteringspasientane har vi heile tida hatt eit sterkt fokus på. Vi var tidlegare organisert under AFMR, no under ANRR der rehabiliteringseininga høyrer til. Vi er inne i det tverrfaglege teamet rundt dei fleste rehabiliteringspasientane og er med i planlegginga av deira retur til heimkommunen etter avslutta rehabiltering. Mange av pasientane har blitt råka av hjerneslag, men vi har og pasientar med til dømes skader etter multitraume, postpolio, funksjonsnedsetting etter sokalla critical illness og andre som treng fysikalsk rehabilitering for å kunne fungere betre i kvardagen.

Som sosionom ser eg til at pasientane får ivaretekne sine rettar ovanfor NAV og kommunane. Her er det eit vidt spekter frå om sjukepengane er kome i orden for dei som var yrkesaktive då sjukdom eller skade råka dei, om dei har rett på drosjekort og/eller parkeringsløyve for rørslehemma med meir.

Eg treff ofte pasientar som har fått livet sitt snudd opp ned frå den eine dagen til den andre. Det gjer at ein lett reflekterar over kor sårbart og skjørt livet eigentleg er, og at vi er heldige som får vere friske medan vi er det. Ein veit aldri kva som kan råke ein rundt neste sving, og det er nyttig å kunne stoppe opp av og til og kjenne etter kor godt ein eigentleg har det. Mange går gjennom tunge stunder etter at slaget eller ulukka har råka ein og då kan det og vare godt å berre ha nokon å prate med.

Sjølvsagt er det ikkje berre på rehabiliteringa eg møter pasientar i ein sårbar situasjon. Tilvisingar kjem frå heile huset og på kvar avdeling er det folk som frå tid til anna etterspør det å få snakke med ein sosionom. Ofte er det økonomi og økonomiske rettar det er snakk om og ofte er det vi som er sosionomar som fungerar som døropnarar til hjelpeapparatet.

Frå 1. mai i år var eg så heldig at eg fekk starte opp i 50% vikariat som sosionom ved barnehabiliteringa medan eg held fram 50% i den andre jobben. Allereie no kan eg seie at det har vore godt å få litt andre faglege utfordingar og kome inn i andre måtar å tenkje sosialt arbeid og sosiale rettar og trygderettar på. Her arbeider eg i høve til familiar med kronisk sjuke eller funksjonshemma born og mange av dei kjenner ofte at dei stangar hovudet mot veggen i kampen for rettane til sine born. Der og arbeider eg tverrfagleg med fysioterapeut, ergoterapeut, lege, vernepleiar og sjukepleiar, og saman prøver vi å hjelpe foreldra til få det dei har krav på, og å hjelpe dei med å gje ungane deira ein best mogleg oppvekst og eit best mogleg liv. Ein utfordrande jobb, men samstundes særs gjevande.

Etter snart 13 år på FSS kan eg vel seie at eg kjenner meg husvarm. Det eg set mest pris på utanom pasientane, borna og foreldra eg arbeider med er det gode kollegiale miljøet på begge arbeidsplassane mine. Der er det fullt med folk med stor integritet som gjer ein kjempejobb for å hjelpe andre til eit best mogleg liv. Slikt er inspirerande og gjer at eg sjølv får fornya lyst til å halde fram med den jobben eg gjer.


Publisert 23.05.2011 14:05 | Endret 23.05.2011 14:48 
Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /