Slik gjekk det til: Etter avslutta skulegang var eg på utkik etter jobb innan kontor og administrasjon. Ørlite arbeidserfaring hadde eg frå sommarvikariat ved Askvoll landbrukskontor og ein bokhandel i Førde – men ingenting frå helse/omsorg. November 1994 var det ledig eit vikariat som kontorassistent ved nevrologisk poliklinikk, det varte frå 28. november til 28. desember. Eg søkte, fekk jobben og ein fot ”innafor”.
Månadsvikariatet vart til fornya vikariat, og seinare fast stilling. Nevrologisk avdeling baud på gode kollegaer, høve til fagleg utvikling og etter kvart utfordring i form av kontorleiarfunksjon. No har eg jobba i Helse Førde i over 16 år. Ein skal vel helst skifte jobb ca. kvart 6.–7. år i følgje dei som har greie på slikt… Ein gong eg nemnde for mormora mi, som var utdanna sjukepleiar, at eg tenkte å søkje jobb utanfor sjukehuset, fekk eg til svar: ”Du må vere på sjukehuset, Linda, du er til god hjelp for dei der”. Sidan då har eg satsa på at ho visste kva ho snakka om.
Sjølv om eg ikkje har skifta arbeidsgjevar sidan 1994, har eg likevel vore med på både små og store endringar i arbeidsoppgåver og stillingar. Slik har eg alltid hatt utfordringar å bryne meg på, og det har aldri vore keisamt! Mellom anna har eg fått vore med på å ta i bruk datamaskina som erstatning for skrivemaskina, innføring av Dips-systemet og overgang frå kassettdiktering til digital diktering. Eg har fått lære medisinsk terminologi, perfeksjonert touch-metoden, lært dei fleste av Helse Førde sine pasient- og administrative system, fått innsikt i personal- og økonomiarbeid og lovverket som regulerer saksbehandling og arkivering. I 2006 vart det også organisatoriske endringar for sekretærane då vi vart flytta frå avdelingane til Servicesenteret, og etter det har eg vore innom ulike avdelingar: Utvikling, Forvaltning, Samhandling- og utvikling og Administrasjonsavdelinga.
Så Helse Førde har bidrege til at eg har fått utvikle meg mykje, både som menneske, arbeidstakar og etter kvart som leiar. No er eg seksjonsleiar for Sekretariat og arkiv, ei eining som ligg i administrasjonen og som har 27 tilsette. Seksjonen omfattar skanningsenteret, bodkontoret og pasientarkivet ved Førde sentralsjukehus, sakarkivet, administrasjonsekspedisjonen i Førdegården, administrerande direktør sitt forkontor, systemadministrasjon av ePhorte, Synergi og Kvalitetshandboka, samt diverse administrativ støtteteneste til leiinga, også i samband med pasienttryggleik, kvalitetsarbeid og internrevisjon. Det er med andre ord ein allsidig seksjon, med mange og spennande oppgåver.
Spesielt vil eg nemne oppgåver knytt til arkivering. Når ein snakkar om arkiv, ser kanskje nokre for seg ein støvete kjellar med hyllemeter på hyllemeter med gulna papir. Slik såg eg og til ei viss grad på arkiva, inntil det gjekk opp for meg kor stor variasjon det er i type arkivmateriale, innhald og kor utruleg viktig det er at vi arkiverer! Arkiva er vår kjelde til fortida; dei fortel historier, ikkje berre pasientar sine sjukehistorier, men og historier om arbeidsplassen vår; organiseringar, omorganiseringar, bygningar, ombyggingar, interiør, eksteriør, kunst, utstyr, prosedyrar, tilsette, økonomi og saksbehandlingspraksis. Før ein tilset nye medarbeidarar, spør arbeidsgjevar ofte om kva søkjaren legg i omgrepet lojalitet. For meg er lojalitet ikkje berre plikttruskap, slik ordboka definerer ordet. Lojalitet heng etter mi meining saman med historiekunnskap og historieforståing. Såleis vil lojalitetskjensla, og kjensla av eigarskap til arbeidsplassen, bli styrkt ved å få kunnskap om det som har vore før. Eg har ofte tenkt at Helse Førde burde hatt eit lite museum for eldre arkivmateriale som kan vere interessant for både tilsette og publikum å sjå, til dømes den gamle postvekta, ei skrivemaskin, stempel, døme på journaltekst (sjølvsagt anonymisert) medisinsk utstyr som ein brukte for 20–30 år sidan, fotografi av sjukehusa opp gjennom åra osv. Kanskje det vert realitet ein gong?
I dag skjer arkivering og behandling av dokument stort sett elektronisk, enten i eit saksbehandlingssystem eller eit pasientadministrativt system. Papirdokumenta vert skanna inn og sende til mottakaren, og deretter makulerte lenge før dei rekk å støve ned eller gulne. Det finst ikkje lenger høge bunkar med journalar og dokument på skriveborda rundt omkring, arbeidet som ventar ligg i elektroniske postkasser og arbeidslister. Før kunne ein sjå om papirstabelen hadde auka eller minka i løpet av arbeidsdagen, og klappe seg sjølv på skuldra dersom den var heilt borte. Om det kanskje ikkje var ein eksakt målestokk på effektivitet, var det i alle fall ein viss peikepinn på kor mykje og kva du hadde gjort den arbeidsdagen. No er det kanskje tal raude flagg på e-postane i innboksen som gir noko av den same tilbakemeldinga, om enn litt mindre ”handfast”. Like fullt er arkiv meir viktig enn nokon gong, i og med at endringar skjer fortare og fortare, og at krava til at ein dokumenterer, og korleis ein gjer det, stadig er aukande. Offentleglova gir publikum i større grad høve til innsyn i helseføretaket sin aktivitet, og det kan somme gonger vere ein vanskeleg balansegang mellom teieplikta og opplysningsplikta.
Sekretariat og arkiv går endringar, utfordringar og krevjande arbeid i møte. Rett rundt hjørnet er overgang til elektronisk personalarkiv som eit ledd i MOT-prosjektet, periodisering av sakarkivet og utarbeiding av arkivplan. Skanningsenteret vil i nær framtid gå inn i det nyoppretta Senter for kliniske fagsystem, og vil ha ei sentral rolle i å kvalitetssikre tilvisingar og ventelister. Sekretariatet skal bidra til gjennomføring av internrevisjonar, til god samhandling med kommunane og at pasienttryggleiken vert ivaretatt. Saksbehandling av førespurnadar om kopi frå journal, loggutskrift og spesialisterklæringar krev meir ressursar for kvart år, vi skal halde kurs i Synergi, ePhorte og Kvalitetshandboka, og gje administrativ støtte av god kvalitet.
Eg trivst godt på arbeidsstaden og har flotte kollegaer som eg stadig vert imponert over og inspirert av. Helse Førde er verkeleg blitt ”mitt” og det er svært sannsynleg at månadsvikariatet vert til fleire enn 16 år.