”Ektefødt barn av Sogn og Fjordane”
Eg er fødd og oppvoksen på eit småbruk i Gaular. Som yngste son var det heldigvis mitt lodd å få meg utdanning og arbeid utanfor garden.
I 1988 byrja eg på første kullet ved sosionomlinja i Sogndal, og etter den tid har eg stort sett jobba i Sogn. Sjølv om eg er fødd og oppvaksen i Sunnfjord so har eg etterkvart blitt sogning i mitt hjarte. På jobb er eg berykta for mine forsøk på å få alle nytilsette på senteret til å busetje seg i bustadkommunen min (Leikanger).
Arbeidspraksisen er relativt variert og eg har mellom anna vore innom læraryrket, barnevern, fylkeslegekontor, fylkesmann, sosialleiar i Sogndal, miljøarbeidar og terapeut innan psykisk helsevern.
Mine første skritt innan Helse Førde og psykisk helsevern var då fylkeskommunen var eigar.
Frå 1989 til 1991 arbeidde eg som ferie- og helgevikar på fjerde avdeling på Tronvik. Pasientsamansetninga på den tida gjorde at miljøpersonale var veldig avhengig av kvarandre, og vi utvikla tette profesjonelle band. Eg pleier å seie at eg likar meg uansett kvar, og med kva eg jobbar, men tida på Tronvik er kanskje den beste tida i mitt yrkesaktive liv. Seinare har eg og jobba som terapeut på psykiatrisk poliklinikk i Sogndal.
I ein periode på ca 8 år jobba eg som psykiatrirådgjevar hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Hovudoppgåva mi var å hjelpe kommunane til å bygge opp stabile og faglege gode tilbod for menneskjer med psykiske lidingar. Dette var ei spanande tid prega av nybrotsarbeid i lag med mine likesinna i andre Fylkesmannembeter, og den gryande profesjonen psykisk helsearbeidarar i kommunane.
Etter mange gode år hjå Fylkesmannen fekk eg stillinga som administrasjonssjef ved Indre Sogn psykiatrisenter og Sogndal BUP i 2005. Nokon vil kanskje hevde at det var 40-års krisa som slo inn sidan eg skifta jobb. Sjølv vil eg seie at det var eigne behov for nye utfordringar og at feltet psykisk helsearbeid kunne ha gått av at ein ny medarbeidar kom inn med sine nye og friske impulsar.
Tidlegare var psykiatrisenteret eit gardsbruk (Rutlin) og tomta er den flottaste i Sogndal. Då eg kom gåande til første dagen på jobb ein augustdag i 2005 hadde vaktmeisteren hatt fri nokre veker og plenen var blitt urovekkande ”lodden”. Mine instinktive røter frå garden i Sunnfjord gjorde at straks byrja å lure på kvar plenklipparen var. Dette behovet for å halde ”garden” og folket på senteret i hevd har følgt meg sidan, og eg legg meg nok altfor mykje opp i korleis ting ser ut og helst (etter mitt syn) bør vere.
Arbeidsoppgåvene mine er varierte og eg pleier å seie at oppgåva mi er å medverke til å at hjula på Rutlin går rundt utan alt for mange ulydar og i verste fall driftstans. Som det kanskje går fram av tittelen administrasjonssjef har eg eit hovudansvar for oppfølging av budsjett og rekneskap. Likt med resten av Helse Førde har rammene våre blitt knappare, so det har vore nokre utfordrande år. Psykisk helsevern er i omstilling og eit senter som ikkje følgjer med i tida spelar fort ut sin rolle. Det har vore særs spanande å vere ein aktør i dette omstilingsarbeidet. Dei siste åra har vi jobba mykje med å endre vårt tilbod frå sengeopphald til meir poliklinisk og ambulant aktivitet. Her har leiinga ved senteret jobba side ved side med dei tillitsvalde o.a. og vi synes sjølve at resultatet har blitt veldig bra utan at det skal vere nokon sovepute for oss. Samhandlingsreforma vil stille nye krav til oss og her ligg det mykje arbeid som vi må jobbe med i åra som kjem.
Tilsetjing og oppfølging av personale er ei anna av mine daglege kjerneoppgåver. Noko av det blir sjølvsagt strukturert inn i faste møter, men døra mi står stort sett alltid open og eg set stor pris på å bli ”forstyrra” av små og store problem.
Dette var kort om ”Mitt Helse Førde”, eller kanskje ”Mitt Sogn og Fjordane” kan vere like passande. Helse Førde er ikkje ei øy åleine. Vi er avhengig av eit arbeidsmessig omland som gjensidig rekrutterar og eksporterar kvalifisert arbeidskraft. Likeins må vi ha kompetente utdanningsinstitusjonar som forsyner oss med nye medarbeidarar.
Eg er fødd og oppvaksen i dette fylket. Mi høgare utdanning har Høgskulen sytt for og arbeidsplassane i fylket har gåvmildt gjeve meg utfordrande oppgåver. Helse Førde har vore min arbeidsgjevar i mange år og vil vonleg bli det i mange gode år til. Når eg har fri tek eg på meg joggesko eller ski og oppsøker Noregs vakraste natur. At ikkje fleire utanfor fylket sine grenser har oppdaga alle våre kvalitetar er meg ei gåte.
Til slutt vil eg som eit ”ektefødt barn av Sogn og Fjordane” takke for merksemda.
Publisert
29.04.2011 10:15 |
Endret
29.04.2011 10:51