Det er mange grunnar til at eg burde ha hamna heilt andre stader enn i Sogn og Fjordane og Helse Førde. For det første er eg frå Ålesund, for det andre flytta eg til Bergen i 1998 og for det tredje er eg utdanna religionsvitar. Men så er det slik som i mange andre tilfeller at tilfeldigheitar og kven du er saman med osb spelar ei aldri så lita rolle på kor du ender opp til slutt. For min del er det tre forhold som gjer at eg enda opp i Helse Førde.
Nr. 1) Sambuaren min kjem frå Jølster, nr.2) Vi fekk eit born og ønskte å bu nærare slekt og vener, og vi ønska oss betre oppvekstvilkår for sonen vår, 3) Eg søkte og fekk jobb i Senter for helseforsking.
Å finne seg ein jobb i Sunnfjord er ikkje berre enkelt for nokon med mi og min sambuars utdanning. Det er sjeldan det dukkar opp noko interessant, men når eg såg stillingsutlysinga for Senter for helseforsking tenkte eg at her har vi moglegheita til å realisere klisjeen om ”det gode livet på landet”. Eg blei nyfiken på kva dette forskingssamarbeidet mellom høgskulen og Helse Førde skulle vere for noko og kontakta forskingsleiar Marit Solheim. Ho kunne fortelje meg, kort fortald, at ein skulle satse på forsking og at vi måtte bygge dette opp frå grunnen av. På den tida, for litt over to år sidan, arbeidde eg som forskings- og formidlingskonsulent i fakultetsadministrasjonen ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Dette var ein jobb som eg likte særs godt i, mykje på grunn av varierte arbeidsoppgåver - for universitetet å vere, men mest på grunn av eit veldig godt arbeidsmiljø - så valet var ikkje enkelt.
Overgangen til Helse Førde frå å arbeide i ein stor akademisk institusjon der ein har mange kollegaer med liknande arbeidsoppgåver som ein kan samarbeide med og spørje til råds har vore stor, men gevinsten av å arbeide i Helse Førde og Senter for helseforsking har vore større.
Det er mange føremoner med å arbeide i mindre miljø. Å få vere med på utvikle ei verksemd frå botnen av, få høve til å vere kreativ og vere med på å utforme si eiga stilling er særs stimulerande. Arbeidsoppgåvene er også langt meir varierte enn eg kunne fått nokon annan stad, noko som også gjer det litt vanskeleg å seie kva som faktisk er stillingsoppgåvene mine.
Litt overordna kan ein seie at eg har ansvaret for system, administrasjon og formidling ved Senter for helseforsking og då også forskingsadministrative oppgåver i Helse Førde. Utover det utviklar eg og held ved like nettsider, skriv, redigerer og gjev ut nyhendeskrivet InFoU fire gonger i året, arbeidar med forskarkurs, koordinerar Forskingsdagane, administrerer interne forskingsmidlar, arbeidar med kvalitetssystem for forsking, lovverk og personvern, strategiarbeid og mykje anna smått og stort.
Det er inspirerande å vere med i eit forskingssamarbeid som faktisk gjev resultat. For ikkje lenge sidan var det berre Marit Solheim og eg som sat i ”Lettbygget” og arbeidde med forsking. No er bygget i ferd med å fyllast opp av forskarar og vi merkar ei stadig større interesse for forsking blant dei tilsette. Særleg har den strategiske forskingssatsinga innan sjukleg overvekt gjort til at Førde får, og kjem til å få, mykje merksemd framover, noko som også vil vere positivt for heile forskingsmiljøet i regionen. Dette er særs gjevande og gjer at vi er optimistisk med tanke på framtida! Til slutt vil eg berre oppfordre alle som lurer på korleis dei skal kome i gang med forsking om å ta kontakt med Senter for helseforsking.
Publisert
14.02.2011 10:20 |
Endret
14.02.2011 11:08