Matforsyning
Matforsyning Helse Førde er organisert som eigen eining i Intern service som ein del av stab/støttefunksjon i Helse Førde. Vi driv matforsyning og servering av mat på alle Helse Førde sine institusjonar, totalt er det i matforsyning litt i overkant av 40 årsverk, med eit netto budsjett på vel 33 mill kroner. Stillingsnedgangen har vore merkbar i matforsyning dei siste tre åra, relatert først til Kjøkkenprosjektet på Førde sentralsjukehus og seinare Prosjekt matforsyning i HF.
Matforsyning har som nemnt vore igjennom ei betydeleg omstilling noko som har ført til store utfordringar på mange plan, ikkje minst for personale. Seinast er Prosjekt matforsyning som vart starta planlagt i juni 2010, med oppstart 1. februar 2011 vore krevjande. Helse Førde har gjennom desse to prosjekta i matforsyning, hausta mange positive effektar. Vi har kome gjennom betre total ressursutnytting på varebruk, vareflyt, samordning av produksjon og betre personalutnytting. Betre og meir effektive stab og støttefunksjonar frigjer ressursar til pasientbehandling i Helse Førde sine institusjonar.
Kort tilbakeblikk
I løpet av over 32 år på same arbeidsstad, ser eg sjølvsagt at både faget og arbeidsplassen har endra seg, særleg har det skjedd mange endringar dei siste 10 åra. Desse endringane har både eg og staben min i matforsyning vore sterkt delaktig i.
Dei første 10–15 åra gjekk stort sett til å få etablert gode arbeidsførutsetningar på sentralsjukehuset, bygge opp kapasiteten og elles skape ein god kultur og godt arbeidsmiljø. Samhaldet og miljøet opplevast å vere godt, sjølv om eg registrerer at vi hadde betre tid til uformelle samtalar (pauseprat) tidlegare.
Så lenge fylkeskommunen var eigar og drivar vart dei økonomiske utfordringane (les; underskot) stort sett ordna med ei tilleggsløyving på desembertinget av fylkestinget.
Utviklinga har gått frå sentral brettservering og sentraloppvask, til desentralisert sluttilberedning av mat og no vert arbeidsoppgåvene knytt til matserveringa handtert ute på postane. Matservering skjer no frå etablerte bufféordningar, pasientkafear og kantiner, og nærheita til pasientane og pleiepersonale har vorte mykje betre.
I tidligare tider stod det skilt ved inngangen til våre kantiner; ”kun adgang for personale”. I dag skal det vere ei opa dør, der alle er velkomne. Det gjeld pasientane, pårørande og andre besøkande til Helse Førde sine institusjonar. Fokuset på mattryggleik har vorte sett fokus på dei siste åra, særleg etter at Mattilsynet innførte eiga ordning med internkontroll for matområdet.
I tidlegare tider var kjøkkena ofte oppfatta som ”isolerte” avdelingar, der livet gjekk sin gang utan noko særleg stor kontakt med avdelingane elles på institusjonen.
Noverande situasjon
Gjennom dei endringane som har skjedd i matforsyning dei siste 2–3 åra, der personale frå kjøkkenet (matvertar) kjem ut i avdelinga og tar hand om mat og servering av mat, har kvardagen og nærheita til avdelingane vorte heilt annleis – og til det positive. Gjennom dei endringane som har kome i Kjøkkenprosjektet og Prosjekt matforsyning har Helse Førde verkeleg gått føre og vist veg i helse-Noreg på korleis matforsyning kan organiserast. Det gjeld alt frå organisering og samordning, resursutnytting, produksjon av mat, servering og eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette. Frå at vi tidlegare hadde eit særs høgt sjukefråvær, til i dag, eit betydeleg lågare sjukefråvær. Slike resultat vert lagt merke til. Andre helseføretak har vore på besøk, og no er den offentlege interessa stor omkring det samarbeid matforsyning i Helse Førde har fått til i samarbeid med kreftavdelinga. Dette samarbeidet går ut på at ein fagutdanna kokk (matvert) inngår i behandlingsteamet for kreftpasientar i avdelinga og for dei polikliniske pasientane. Helse Førde har etablert eit tilbod som oppfattast som ei god løysing av ”augeblikkets matlyst” for denne type pasientar.
Sentrale helsestyresmakter legg merke til kva Helse Førde har fått til. I lys av komande samhandlingsreform vil dette og liknande samarbeidstiltak kunne realiserast lokalt i Helse Førde i samarbeid med kommunehelsetenesta.
Framtida
Om framtida kan det vere vanskeleg å vere for bestemt om. Maten og maten si viktigheit for pasientar og personale vil fortsatt ha stor betyding. Det kan eg seie med stor sikkerheit når eg les Helsedirektoratet sitt forslag til ny Kosthandbok som vert dei sentrale styresmakter sitt styringsdokument for Kosthaldet i helseinstitusjonar i Noreg, gjeldande frå 2012.
For å ha overskot og god arbeidslyst er det mellom anna viktig med gode kollegaer og eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Det har i løpet av dei over 32 åra eg har vore i teneste, først for Sogn og Fjordane fylkeskommune, seinare Helse Førde, så klart vore nokre ”overskya” arbeidsdagar. Eg finn likevel stor glede og nytte i min arbeidsgjevar og alle dei gode kollegaer eg har med å gjere, noko som fort skin bort dei ”overskya” dagane.
Mine private interesser ligg i dag til det eg vil definere som fritidsaktivitetar knytt til hund og jakt. Som leiar i ettersøksringen i Førde og som godkjent ettersøksdommar, går det ein god del tid til denne type aktivitetar. Å få bruke kropp og sjel på denne måten gir både fysisk og mentalt påfyll.
Publisert
12.08.2011 08:00 |
Endret
12.08.2011 09:07