Designelement
 

Mitt Helse Førde - Elin Lysne 

”Mitt Helse Førde” starta før vi i det heile var Helse Førde. Eg vart tilsett ved Tronvik når vi framleis var ein del av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, tilbake i 2001.
Av Elin Lysne, spesialkonsulent rus, Tronvik post 6
 

Eg har hatt fleire ulike roller ved Tronvik, men har alltid vore knytt til det som i dag er kjent som post 6, ”rus-posten”, med unnatak av eit år ved vaksenpsykiatrisk poliklinikk i Førde.

Eg har i alle år hatt stor glede av å jobbe ved Tronvik, sjølv om det til tider har vore utfordrande å ikkje vite om arbeidsplassen skulle bestå eller ikkje. Men uansett har åra på Kyrkjebø-stranda vore prega av positive og gode medarbeidarar meir enn noko anna. Og når styret i Helse Førde avgjorde at post 6 skulle drive delar av fylket si tverrfaglege spesialiserte behandling, opplevde eg atter ein gong at personalet ved Tronvik samla seg og tok utfordringa til nok ei omstilling på ein flott måte.

I tida etter dette styrevedtaket har mykje skjedd. Fleire stillingar har vorte oppretta og langt fleire godt kvalifiserte personar søker seg no til Kyrkjebø. Samtidig er personalet som alt har jobba ved post 6 i ei årrekkje vore villige til å heve kompetansen sin ytterlegare for å møte omstillingane ein skal gjennom. Det kjennes riktig godt å jobbe med ein gjeng som dette!

Stillinga som eg i dag har er ei av dei nyoppretta stillingane ved Tronvik – spesialkonsulent rus. Denne typen stilling har tidlegare vore knytt til dei ulike vaksenpsykiatriske poliklinikkane der ein terapeutisk har jobba med problematikk knytt til bruk av rusmidlar. Det er i dag totalt 7,5 stillingar i HF som spesialkonsulent rus, der grunnutdanninga er enten sosial- eller helsefagleg med krav om relevante vidareutdanningar og mål om klinisk spesialisering etc.

På Tronvik jobbar eg no retta mot inneliggande pasientar i post 6, men har og eit samarbeid med dei andre avdelingane dersom det skulle vere behov for min kompetanse. Eg er takksam for at eg til dagen får jobbe med ei så flott pasientgruppe og er audmjuk for den tilliten dei viser oss. Det er også veldig givande å jobbe i eit så tverrfagleg miljø som post 6 er. Terapeutteamet består i dag av psykiater, psykolog, familieterapeuter, sosialkonsulenter og spesialkonsulent rus. Saman med dyktige miljøpersonale jobbar vi i team rundt den enkelte pasient. Slik sett er min jobb berre ein liten del av den totale behandlinga som post 6 i dag tilbyr. Ei godt utvikla aktivitetsavdeling er også heilt avgjerande for dei resultata vi søker. Det heile handlar om godt samarbeid både innanfor Helse Førde og med ulike instansar utanfor føretaket, på pasienten sin premissar.

For framtida håper eg på eit sterkt HF, der det blant anna skal finnast økonomiske midlar til å få rusposten på Eid i drift. Dette vil gjere både behandlinga og fagfeltet sterkare i vårt eige føretak.


Publisert 07.12.2010 09:50 | Endret 07.12.2010 10:33 

 Tidlegare Mitt Helse Førde

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /