Møteplassen 2011 var eit flott og nyttig opplegg med gode foredragshaldarar og interessante innspel med ulik vinkling. Dette er eit viktig fora for diskusjon rundt tema, ein moglegheit for å hente erfaring og idear frå andre, samt å halde fokus på tverrfagleg samarbeid/samhandling” seier Felde Skrede.
Møteplassen innan habilitering og rehabilitering for Helse Førde HF fant stad torsdag den 15. desember. Arrangementet var eit samarbeid mellom Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, kommunane i fylket, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og Lærings- og meistringssenteret (LMS). I år var temaet for møteplassen ”Koordinerande eining – Dialog og erfaringsutveksling”.
Koordinerande eining på kommune og føretaksnivå
Kommunar og helseforetak skal ha ein koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. Denne plikt er no løfta frå forskrift til lov (jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 7-3 og spesialisthelsetjenesteloven § 2-5b). Sett i dette lyset var årets tema særdeles aktuelt.
Høyanger ein føregangskommune
Maria Gerd Borlaug som er Ergoterapeut og Avdelingsleiar for Seksjon for Fysikalsk medisin og rehabilitering i Høyanger kommune delte sine tankar og visjoner for koordinerande eining i Høyanger kommune. Borlaug beskreiv Koordinerande Eining som ein møtestad for interne og eksterne samarbeidspartnarar, og at den bør spele ein aktiv rolle omkring kartlegging, planlegging og utvikling av rehabiliteringsverksemda i kommunen. Ho sa vidare, at det var viktig at kommunane har system, som sikrar at tjenestene som vert tilbydde er samordna og tverrfaglige og vert ytt ut frå eit brukarperspektiv. Koordinerande eining bør arbeide for at verksemda vert forankra i samarbeidsavtalar.
”Nytte vinden vi har i ryggen, og stake ut kursen”
Beate Kornberg, Ergoterapeut og Einingsleiar for Re-/habilitering og koordinering i Gloppen kommune, fortalte om erfaringane med etablering av ein kommunal koordinerande eining.
Kornberg fortalte, at man i Gloppen kommune hadde lagt vekt på, at koordinerande eining fikk styringsmynde på tvers av kommunale sektorar og verksemder i forhold til oppgåver som krev dette, og at mynde er gjeve som eit mandat av rådmannen. Koordinerande eining er difor samansett av leiarar og fagansvarlege med delegert mynde og ansvar for aktuelle samordningsområder. Den er samansett slik at ein er i stand til å løyse komplekse og samansette saker overfor alle brukargrupper, aldersgrupper og på alle livs-arenaer, og har representantar frå alle involverte etatar. Ho la og vekt på at Koordinerande eining kan variere i sammensetning, storleik og aktivitetsnivå ut frå sak og behov.
Erfaringsutveksling
Alf Reiar Berge, Dagleg leiar og seniorforsker i Rehab-Nor og Leiar av koordinerande funksjon i Tvedestrand kommune foreleste om: ”Koordinerande eining på systemnivå”.
I si forelesning understrekte Berge at koordinerande eining i kommunane ikkje bør avgrensast til å håndtere saker som høyrer inn under habilitering og rehabiliteringsfeltet. Spesielt aktuelt er dette i mindre kommunar, idet der er mange typer saker der samordning/koordinering er svært viktig for kvaliteten på tilbudet som gis. Ikkje alle disse sakene fell naturlig inn under habilitering og rehabiliteringsfeltet. Kommunane bør derfor tenke samordning/koordinering i enkeltsaker generelt når dei definerer og organiserer Koordinerande eining.
Koordinering og samordning innebærer ein viss grad av "styring" av andre. Det er bare rådmannen som har mandat til å bestemme "på tvers" i det kommunale systemet. Koordinerande eining må derfor gis eit mandat og plasserast slik i organisasjonen at det er tydelig at den utøver sin funksjon på vegne av Rådmannen seier Borge.
Forskningsprosjekt om samhandling
Henrik Høberg Spesialist i allmenn medisin, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Framla eit spennande forskningsprosjekt omkring utprøvning og evaluering av ein samhandlingsmodell med felles og pasientsentrert utskrivningssamtale som tillegg til epikrise som samhandlingsmedie. Prosjektet som er finansiert av Helsedirektoratet forventast å vere ferdig til våren 2012.
Sjå presentasjonene frå dei ulike føredragsholdarane til høgre på denne sida.
Kunnskapsdeling på tvers av fag og etater
Møteplassen avsluttast med eit gruppearbeid kor man diskuterte, kva som er viktig når man skal organisere koordinerande eining i ein kommune. I tillegg hadde man fokus på roller og funksjoner på systemnivå som bør ivaretas av koordinerande eining i Helse Førde. Deltakarane gav dessuten konstruktive innspel til kva informasjon som bør være tilgjengelig på nettsidene til Koordinerande eining i Helse Førde.
Publisert
02.01.2012 08:10 |
Endret
16.01.2012 09:01