Designelement
 

Nytt styre for Helse Vest RHF 

Helse- og omsorgsministeren har oppnemnt nytt styre for Helse Vest. Oddvard Nilsen og Aud Berit Alsaker Haynes held fram som styreleiar og nestleiar går det mellom anna fram av ei pressemelding frå ministeren.
Av Finn Ove Njøsen, Helse Førde
 

Styret for Helse Vest RHF er vald for ein periode på to år, og består av følgjande styremedlemer:

Oddvard Nilsen (leiar)
Aud Berit Alsaker Haynes (nestleiar)
Gunnar Berge
Ohene Aboagye
Gerd Dvergsdal (SP)
Olin Johanne Henden (H) (ny)
Kjartan Longva (Ap)
Torhild Selsvold Nyborg (KrF)
Sveinung Stensland (H) (ny)

Representantar frå dei tilsette:
Lise Karin Strømme
Aslaug Husa
Tom Guldhav
Reidun Johansen

Styret består av både eigaroppnemde styremedlemer og styremedlemer som er valt av dei tilsette. Det er frå 2006 stilt krav om at eit fleirtal av dei eigaroppnemde styremedlemene skal vere folkevalde. Styremedlemene skal som styremedlemer ikkje representere geografiske område, politiske organisasjonar eller andre interessegrupper. Men det er viktig at styrene samla sett har eit mangfald og ei breidde, også geografisk og politisk.


Publisert 01.02.2012 08:25 | Endret 01.02.2012 09:59 

 Les også

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /