Vi som arbeider i helsevesenet veit at avstanden mellom å lukkast og å feile ofte er liten. Derfor håpar eg at du kan ta nokon på fersken i å gjere noko godt for pasienten. Ikkje berre vil eg at du skal ta vedkommande på fersken, eg vil også at du sladrar til kollegaene dine om dette.
Vi har utfordringar knytt til pasienttryggleik. I Helse Førde har vi gjort store framskritt dei seinare åra, men sjølv om resultata blir stadig betre må ikkje dette verte ei kvilepute. Når det gjeld å utvikle faget kan vi aldri slappe av.
At det skal vere trygt å vere pasient hos oss kan høyrast sjølvsagt ut. Og vi kan fastslå at det er trygt. Likevel hender det ved alle avdelingar at pasientar får komplikasjonar eller skader som følgje av medisinsk behandling. For oss handlar pasienttryggleik derfor om meir enn einskilde tilfelle, det handlar om korleis vi tenkjer, samarbeider og korleis summen av våre handlingar fører til noko godt eller dårleg for våre pasientar.
I Helse Førde har vi over år hatt ulike prosjekt som mellom anna skal gjere det mogleg å omgjere kunnskap om feil og uønska hendingar til forbetringstiltak og førebygging. Openheit er eit sentralt stikkord for at dette skal fungere. Vi må ha klima for at både uhell og nesten-uhell alltid skal varslast, berre slik kan også resten av organisasjonen lære av det som har skjedd, eller kunne ha skjedd.
Nasjonale tal syner at i underkant av 16 prosent av alle inneliggande pasientar får ein skade som følgje av behandlinga. I Helse Førde er dette talet 7 prosent. Skadane er dels komplikasjonar frå behandlinga og dels følgjeskadar av feil og uønskte hendingar i sjukehuset. Nyare forsking på pasienttryggleik tyder på at om lag ein tredjedel av pasientskadane kunne vore unngått.
Ved alle sjukehus vert det arbeid mykje og målretta for å førebyggje infeksjonar. Rutinar for handvask og basalt smittevern er døme på tiltak vi har sett i verk. Og vi ser at tiltaka nyttar. Helse Førde har rapportert tal til folkehelseinstituttet sidan 2003, slik kan føretaket samanlikne seg med gjennomsnittstal for landet og med andre føretak. I denne samanhengen har eg lyst å framheve tala som syner fantastiske resultat for mage-tarm-kirurgien vår og frå kvinneklinikken. Her er vi blant dei beste i landet. Å vere gjennomsnittleg er såleis ingen ambisjon.
Tryggleik handlar også om at sjukehuset skal halda sine løfter overfor pasientane. I Helse Førde er vi stolte over at vi er av dei beste i Noreg med omsyn til talet på planlagde operasjonar eller undersøkingar som må avlysast. Målet er at det skal vere under fem prosent som får avlyst operasjonen sin (stryking).
Vi kan aldri gardere oss heilt mot at det skjer feil. Men gjennom gode system skal vi sikre at feil vert oppdaga og korrigert og vi skal arbeide med å gjere både deg og meg enda meir merksame på samanhengane som fører til skadar. Pasienttryggleik er eit prioritert område for oss og vi veit at innsats frå kvar og ein av oss nyttar.
Publisert
02.02.2012 12:25 |
Endret
02.02.2012 12:53