Designelement
 

Pila peikar oppover 

Mange av våre håpefulle får i desse dagar karakterar og vitnemål. I forskingsverda vert det også delt ut ulike former for ”karakterar” og vitnemål – til institusjonar, miljø og enkeltpersonar.
Av Marit Solheim, forskingsleiar
 
Marit Solheim er forskingsleiar i Senter for helseforsking. Karakterar seier slett ikkje alt. Men dei kan seie noko. Ein type karakter til institusjonar og miljø er tal artiklar, publikasjonspoeng og doktorgradar. Alle forskarar og institusjonar er pålagde å rapportere inn ulike typar opplysningar om dette. Det vert nytta store ressursar til forsking i Noreg, og det er naturleg at det må synleggjerast kva ressursane går til.

32 artiklar!
Statistikken viser at til saman har AHF og HF rapportert inn 32 vitskaplege artiklar i 2010. Dette er rekord! I tillegg kjem artiklar relatert til helse frå fleire andre miljø ved HiSF, innan tema som rusproblem, MS og fysisk aktivitet. Eit raskt blikk på tema viser stor breidde og mykje pasientnær forsking knytt til store pasientgrupper.
Mange av artiklane er innanfor nasjonalt og regionalt prioriterte område, som KOLS, psykisk helse, overvekt og eldreomsorg. Lista inneheld også forsking om organisering og leiing og grunnlagsspørsmål i helsetenesta.

Publisert 11.07.2011 10:00 | Endret 11.07.2011 10:29 
Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /