
- I år var det Sogn og Fjordane sin tur til å få overskotet, fortel Ole Petter Aase, og vi valde Barneavdelinga i Helse Førde som mottakar.
Aase har erfaring med opphald på barneavdelinga. Kona hans, Sissel Æsø, var saman med sonen Vetle i fleire veker på barneavdelinga våren 2010.
- Sjølv om vi blei svært godt ivaretatt, ser vi kor viktig det er med eit avbrekk frå sjukehusmiljøet. Difor er trivselstiltak viktig for dei som må opphalde seg på sjukehus over tid, fortel Petter Aase og Sissel Æsø.
Petter Aase påverka difor kvar overskotet av Snorre A sitt lotteri skulle gå.
- Vi er veldig takksame for gåva - og sjølvsagt vil vi bruke gåva til trivselstiltak for barn og foreldre som oppheld seg her, fortel seksjonsleiar Solveig Horstad Berget.
Publisert
03.02.2012 08:30 |
Endret
03.02.2012 09:08