Designelement
 

LMS-kurs:

Revmatoid artritt - meistringskurs 

Helse Førde arrangerer opplæring 22. og 23. mars 2012 for dei som lir av revmatoid artritt. Kurset har som målsetnad å auke forståing og meistring av sjukdomen i kvardagen.
Av Siv Monja Sjåstad
 

Tema:

  • Sjukdomslæra ved revmatolog
  • Trening ved fysioterapeut
  • Ergonomi – hjelpemiddel ved ergoterapeut
  • Smertemeistring ved sjukepleiar
  • Ernæring ved sjukepleiar
  • Sosiale rettar ved sosionom
  • Innspel frå brukarrepresentant, erfaringsutveksling
  • Informasjon frå Revmatikarforbundet

Mål:
Auka forståing og meistring av sjukdomen i kvardagen.

Ansvarleg for opplæringa:
Revmatologisk avdeling i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og brukarrepresentant.

Tid:
22. og 23. mars 2012.

Stad:
Lærings- og meistringssenteret (LMS) Helse Førde ved Rema 1000 (Viesenter) i Førde.


Publisert 24.01.2012 10:00 | Endret 24.01.2012 10:18 

 Publisert av eining

 Påmelding - informasjon

Påmelding:
For å delta på kurset treng du tilvising frå lege (eller revmatolog) som vert å sende til: Helse Førde, Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR), postboks 1000, 6807 Førde.

Pårørande kan melde seg på til Helse Førde, Lærings- og meistringssenteret, postboks 1000, 6807 Førde eller på telefon 57 83 98 70. De vil få stadfesting om plass på opplæringa.

Pris
Eigendel på kr 307,-
Gratis for pårørande.

Lunsj
Kan kjøpast for kr 60,-

Utgifter til reiser, kost og overnatting
dekkast etter faste takstar.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller
www.pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa.

Avbestilling seinast 24 t. før kurs
Dersom du ikkje møter til avtalt kurs
vil sjukehuset krevje eit gebyr på kr 307,- (som ikkje blir registrert som eigendel).

 

 Aktuelle lenkjer

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /