Designelement
 

Ring medisinsk nødhjelp 113 

Ved mistanke om akutt livstrugande skade eller sjukdom ringjer du 113. Du kjem då til Akutt Medisinsk Kommunikasjonssentral (AMK) for det fylket du oppheld deg i.
 

Sjukepleiarar med spesialopplæring og trening svarar deg, og sender eventuelt ut ambulanse, lege og luftambulanse på grunnlag av situasjonen.

  • Snakk roleg og tydeleg!
    Dei viktigaste opplysningane du blir spurd om er:
  • Kor ringer du frå? (Kommune, stad)
  • Kva telefonnummer ringer du frå?
  • Kva har skjedd?
    I tillegg kan operatøren stille spørsmål om pasienten og situasjonen for å kunne vurdere situasjonen best mogleg.
    Sjekk alltid:
  • Er pasienten vaken?
  • Pustar pasienten normalt?

AMK Førde (Akutt Medisinsk Kommunikasjonssentral) svarar nødtelefon 113 for heile Helse Førde, i tillegg til mange legevakttelefonar.

AMK Førde koordinerer alle ambulanseressursar i fylket, (bil-, båt og luftambulanse) i samarbeid med legevaktsentralane på Nordfjordeid, Askvoll, Florø og i Lærdal.

AMK og legevaktsentralane har døgnvakt, og er knutepunkt mellom innbyggjarane og helsetenesta ved behov for øyeblikkeleg hjelp.

AMK og legevaktsentralane er ein del av ambulansetensta og den medisinske nødmeldetenesta i Helse Førde.


    Publisert 03.08.2010 13:10 | Endret 03.08.2010 13:17 
    Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
    | Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
    | Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
    Twitter /