Designelement
 

Samhandling gjev kompetanse 

Nevrologisk seksjon i Helse Førde har gjeve auka kompetanse innan Multippel sklerose (MS) og hjerneslag til tilsette i Flora kommune. No vil Helse Førde tilby liknande tilbod til fleire kommunar.
 

F.v. avdelingssjef Signe Nordvik, nevrolog Kjersti Hjelmeland, fagsjukepleiar Bodil Kleppenes, logoped Rigmor Bjørkedal og slagkoordinator Solgunn Systaddal. Framme fagsjukepleiar Eli-Nora Lundekvam. Dei underviste under fagdagen om hjerneslag.
F.v. avdelingssjef Signe Nordvik, nevrolog Kjersti Hjelmeland, fagsjukepleiar Bodil Kleppenes, logoped Rigmor Bjørkedal og slagkoordinator Solgunn Systaddal. Framme fagsjukepleiar Eli-Nora Lundekvam. Dei underviste under fagdagen om hjerneslag.
MS sjukepleiarane Marilyn Ulvestad og Vigdis Stafsnes. Dei underviste på Flora kommune sin fagdag 19. okober om MS.  
MS sjukepleiarane Marilyn Ulvestad og Vigdis Stafsnes. Dei underviste på Flora kommune sin fagdag 19. okober om MS.
Førre veke underviste lege, sjukepleiarar og logoped i ANRR (avdeling for nevro, revmatologi og rehabilitering) tilsette i omsorgs-
tenesta, fysio- og ergoterapiavdelinga og NAV i Flora om slagbehandling. Tidlegare held avdelinga fagdag om MS.

Bakgrunnen var at Flora kommune har fått midlar frå Helsedirektoratet til tverrfagleg kompetanseheving innan nevrologiske sjukdommar og skadar. Kommunen har arrangert to fagdagar innan Multippel sklerose (MS) og hjerneslag. Tilsette i ANRR i Helse
Førde underviste og informert om behandling av desse to sjukdomane. I alt deltok over 100 personar på desse to fagdagane i Florø.

Temadagane er eit samarbeid mellom Helse, Omsorg, NAV, Barn og unge og Helse Førde.


Publisert 29.11.2011 12:30 | Endret 29.11.2011 14:16 

 Ta kontakt!

Kommunar om ønskjer at Nevrologisk seksjon i Helse Førde skal kome og undervise om hjerneslag og MS kan ta kontakt med avdelingssjef Signe Nordvik, epost - eller telefon 415 30520

 Programmet om MS

Eit samarbeid mellom Flora kommune ved NAV, Pleie- og omsorg, Barn/unge, Helse og Helse Førde.

Program:

  • Teori og fakta om sjukdommen
    (ved nevrolog og MS-sjukepleiarar)
  • Informasjon frå NAV om deira tiltak og rolle
  • Korleis artar dei ulike symptoma seg, og korleis legge til rette for MS-brukarar i den praktiske kvardagen
    (ved fysioterapeut og ergoterapeut og frå fysio-/egoterapeut frå kommunen)

 Programmet om slagbehandling

Samarbeid mellom tenestene:
Helse, Omsorg, NAV, Barn og unge og Helse Førde

Fagleg program:

  • Kva er slag? (ved lege)

  • Slagbehandling i sengeposten (ved slagsjukepleiar)

  • Actilyse behandling (ved slagkoordinator)

  • Afasi/svelgvanskar (ved logoped)

  • Rehabiliteringstilbodet til slagpasientar (ved fagsjukepleiar)

  • Om slagpoliklinikk (ved slagkoordinator)

  • Info om slagprosjektet (ved avdelingsleiar)

  • Info om trygderettar (ved NAV)

  • Praktisk tilrettelegging i kvardagen (ved ergo- og fysioterapeut)

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /