Designelement
 

Utskifting av CT i Lærdal 

12. juli startar demontering av eksisterande CT-maskin. Forventa oppstart av ny maskin er 8. august.
Av Helse Førde
 

Ny CT-maskin til Lærdal sjukehus I perioden frå demontering til oppstart vert det ikkje CT-tilbod i Lærdal. Pasientar som treng ø.hjelp eller ½ ø.hjelp må sendast til andre sjukehus.

– Tilvising av elektive undersøkingar skal, som før, sendast til radiologisk seksjon i Lærdal. Der vert det gjort ein gjennomgang av innkomne tilvisingar. Det som vert vurdert til ikkje å kunne vente, vert vidaresendt til Førde sentralsjukehus. Dei andre vert sett opp til time i Lærdal og kalla inn til undersøking etter 8. august, fortel Sveinung Ove Bjørkedal, avdelingssjef ved radiologisk avdeling i Helse Førde.

Det er sendt eige informasjonsbrev til kommunelegane i sjukehuset sitt nedslagsfelt.


Publisert 29.06.2012 10:10 | Endret 29.06.2012 10:21 

 Publisert av eining

 Les også:

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Bernt Ove Flekke | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr