Designelement
 

Prosjekt 

Styret i Helse Førde vedtok i juni 2010 strategiplanen fram mot 2020. På denne sida kan du halde deg oppdatert om arbeidet som pågår.

Bakgrunn
Helse Førde skal yte spesialiserte helsetenester til folk i Sogn og Fjordane. Framtidas moderne medisin vil vere med å påverke moglegheitsbilete og handlingsrommet for føretaket.

Tenestetilbodet i Sogn og Fjordane må vere basert på moderne kunnskapsbasert diagnose og behandling. Berre slik kan føretaket vere med å nå dei helsepolitiske måla og yte pasientsikre tenester.

Den moderne spesialiserte helsetenesta skal vere kunnskapsbasert. Den nyttar stadig ny teknologi og nye medisinar og vil framover bli meir spesialisert med nye og tydelegare grenser opp mot helsetenestetilbod i kommunane. Dette medfører endringar for pasientane, våre brukarar av helsetenestene.

For å nå dette målet er det starta eit omfattande arbeid i føretaket som skal ende ut med ein strategiplan fram mot 2020.

Vi legg vi ut informasjon og lenkjer som er relevante i samband med strategiarbeidet.

Om du lurer på noko, ta kontakt med informasjonssjef Arne Eithun.

Siste nyhende:

 

 Nyhendesaker om Helse Førde 2020

 Fleire saker

 Styresaker

 Dokumentsamling

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Vi gjer merksam på at e-post til Helse Førde ikkje må innehalde spørsmål om helsetilstand eller andre personlege sensitive opplysningar. Alle helserelaterte tilbakemeldingar skal føregå per telefon eller brev. Dette av omsyn til personvernet.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Arne Eithun | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter /