|
|
Gå til hovedinnhold
Artikkel
Ein mann – to oppdrag
Øystein Walaker frå Sogndal kom i haust heim etter tøffe veker i krigsherja Afghanistan. Sjølv meiner han at erfaringane derifrå kan hjelpe han i arbeidet som ambulansearbeidar i Helse Førde.
Eg underviser blant anna ambulansepersonell i Helse Førde og held også legevaktkursa for fylkeslegen. Nokre av erfaringane frå Afghanistan kjem godt med i desse samanhengane, seier Walaker, som sjølv er paramedic-utdanna. Det siste halvåret har han vore 15 veker i provinsen Faryab, som ein del av ISAF-styrken der. ISAF sitt oppdrag er å arbeidet for å skape fred, samt å danne og utvikle demokratiet i Afghanistan. Walaker fortel om mange sterke opplevingar i det krigsherja landet. Skotskadar
– Vi i helikopter-teamet var ved fleire høve involverte i ulike oppdrag, nokre av dei meir dramatiske enn andre. Det var ikkje uvanleg at vi måtte hjelpe folk som hadde fått skotskadar eller splint- og eksplosjonsskadar. Dette er sjeldan ein opplever her i fylket. Elles var det vondt å sjå fattigdomen på nært hald, kor dårlege forhold dei lever under og kor rettslause innbyggjarane er. – Var du redd under opphaldet? – Nei, ikkje direkte redd, då trur eg ein hadde fått problem med å vere der. Men ein blir jo litt spent og ekstra påpasseleg. Når vi var ute på oppdrag hadde vi med eit eige helikopter med våpen som beskytta oss.
Gode erfaringar Mannskapet på helikopteret han var ein del av besto av fire personar. Pilot, systemoperatør, anestesisjukepleiar og ein høgskuleutdanna ambulansearbeidar (paramedic). Walaker seier han fekk god nytte av erfaringane frå ambulansetenesta i Helse Førde. – Eg har snart jobba i 19 år i ambulansen her heime, og har sett ein del skadar i løpet av denne tida. Dette var ein stor fordel når vi henta folk med skot- eller sprengingsskadar. Mi lange erfaring gjorde meg trygg på at eg kom til å meistre presset, og korleis eg skulle takle dei ulike situasjonane.
|
|
|
|
Kontaktinformasjon ...
Kontakt oss
Ambulansetenesta Telefon : 57 83 97 20 - administrasjonTelefaks: 57 83 97 27 Elektronisk post: ambulanse@helse-forde.noBesøksadresse: Tefrevegen 24, 6800 FØRDE
Postadresse: Ambulansetenesta - Helse Førde Prehospital klinikk Tefrevegen 24 6800 FØRDE
AMK Førde Telefon : 113 - medisinsk nødhjelp 57 83 41 13 - ambulansebestilling 57 83 01 20 - administrativ linje
Telefaks: 57 83 90 30 - pasientinformasjon Elektronisk post: amk.forde@helse-forde.no Besøksadresse: Førde sentralsjukehus Vievegen 6800 FØRDE
Postadresse: AMK Førde Førde sentralsjukehus Vievegen 6800 FØRDE
|
|
|
|
|