Gå til hovedinnhold
Fri tekst [1] 

Her er informasjon.. 

Her er informasjon om:

Fri tekst [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Artikkel 

Ambulanseløftet

Therese Gotteberg Hopland og Vidar Kvalheim ved Vågsøy ambulansestasjon.
















105 ambulansearbeidarar i Helse Førde har no fagbrev. Det betyr at føretaket langt på veg har innfridd dei nye krava om auka kompetanse i ambulansetenesta.

Ved nokre stasjonar har vi framleis ei utfordring, men i sum ser situasjonen veldig bra ut, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.

– Forskrift om akuttmedisinske tenester set krav til at kvar ambulanse må ha minimum ein autorisert ambulansearbeidar på vakt frå 1. april 2010. Det har vore ei stor utfordring for Helse Førde, men berre det siste året har nærare 30 tilsette fått autorisasjon, fortel Sægrov.

– Totalt har vi i dag 60 prosent dekning, mot 40 prosent i fjor. Det gjer oss i stand til nesten å alltid ha ein person med fagbrev i kvar ambulanse. I dei situasjonane ambulansar ikkje oppfyller kravet, har vi innført kompenserande tiltak.

Ambulansesjefen seier at utfordringane har vore størst ved dei minste stasjonane i Sogn og Fjordane, men innan kort tid er det venta at ytterlegare 15–20 tilsette skal avleggje fagprøve.

– I tillegg til formelle kompetansekrav, har tilsette i ambulansetenesta også nyleg vore gjennom årleg resertifisering og utsjekk på avanserte behandlingsprotokollar og tiltakskort.

Dette som eit ledd i tenesta sin internkontroll. Her vert personellet sin kompetanse på avansert luftvegstiltak, gjenoppliving og legemiddelhandtering prøvd ut og kvalitetssikra, seier Sægrov.


6 av 10 med fagbrev


Ved Vågsøy ambulansestasjon har no seks av dei ti faste tilsette fagbrev i ambulansefaget.

To av dei er Therese Gotteberg Hopland og Vidar Kvalheim, begge frå Måløy. Dei tok prøva i mars.

– Hovuddelen av fagprøva gjekk på ordinære vakttenester der vi køyrde reelle ambulanseoppdrag i halvanna døgn. Vi fekk tre akuttoppdrag og to hasteoppdrag på vaktene våre. Sjølv var vi tilfredse med eigen innsats under prøva, noko sensorane også var, seier dei.

Det er fl eire vegar til fagbrev. Nokre vel ambulanselinje ved vidaregåande skule med to år i lære, medan andre blir autoriserte som privatistar. Då må ein ha fem års erfaring i faget først.

Kontaktinformasjon ... 

Kontakt oss

Ambulansetenesta
Telefon :

57 83 97 20 - administrasjon


Telefaks: 
57 83 97 27

Elektronisk post:
ambulanse@helse-forde.no


Besøksadresse: 
Tefrevegen 24,
6800 FØRDE

Postadresse: 
Ambulansetenesta - Helse Førde
Prehospital klinikk
Tefrevegen 24
6800 FØRDE 



AMK Førde
Telefon : 
            113 - medisinsk nødhjelp
57 83 41 13 - ambulansebestilling
57 83 01 20 - administrativ linje

Telefaks: 

57 83 90 30 - pasientinformasjon

Elektronisk post:
amk.forde@helse-forde.no


Besøksadresse: 
Førde sentralsjukehus
Vievegen
6800 FØRDE

Postadresse: 
AMK Førde
Førde sentralsjukehus
Vievegen
6800 FØRDE