Fagrådet skal syte for at Koordineringsrådet får faglege råd og støtte i arbeidet sitt. Fagrådet kan sjølv ta initiativ til framlegg til nye ordningar og utfører oppdrag for koordineringsrådet. Fagrådet skal også legge til rette for andre samhandlingsmøte for fagpersonar og mellomleiarar på tvers av nivåa og legge vekt på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring, kunnskaps- og kompetanseheving. Fagrådet skal bidra til å utvikle og spreie gode modeller for samhandling. Fagrådet har møte fire gonger i året eller etter behov.
Oppgåver for Fagrådet
-
Fagrådet skal på oppdrag frå Koordineringsrådet eller på eige initiativ førebu og utgreie dei faglege sidene og synleggjere pasientomsyna i saker som skal godkjennast i Koordineringsrådet.
-
Fagrådet skal også legge til rette for andre samhandlingsmøte for fagpersonar og mellomleiarar på tvers av nivåa og legge vekt på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring, kunnskaps- og kompetanseheving.
- Fagrådet skal bidra til å utvikle og spreie gode modeller for samhandling.
Arbeidsform for Fagrådet
- Fagrådet skal veljast for 2 år om gongen, samtidig som ein vel koordineringsråd.
- Leiing av fagrådet er lagt til fagdirektør i Helse Førde HF.
- Helse Førde HF held sekretærfunksjonen.
- Fagrådet skal ha regelmessige møter min. 4 gonger per år, men kan kallast saman når ein av medlemane ber om det.
- Partane dekkjer sjølv sine eigne utgifter.
Desse er medlemer i Fagrådet:
- Hans Johan Breidablik, fagdirektør Helse Førde, leiar
- Berit Wetlesen, helse- og sosialsjef Stryn kommune
- Trond Inselseth, kommunelege Vågsøy kommune
- Jan Ove Tryti, kommunelege Sogndal kommune
- Jens Christian Lundeland, helse- og sosialsjef Hyllestad kommune
- Kjell Idar Dvergsdal, helse- og sosialsjef, Gaular kommune
- Truls Bilet, overlege/psykiater Helse Førde
- Dag Fadnes, overlege/kardiolog Helse Førde
- Agnete Dissing Sættem, avd.sjef KK Helse Førde
- Geir Andvik, seksjonsleiar med. klinikk, Helse Førde
Observatørar med møte- og talerett:
- Anne Stubdal, praksiskooordinator, fastlege i Stryn
- Normund Svoen, praksiskonsulent, fastlege i Flora
- Jan Ove Tryti, praksiskonsulent, fastlege i Sogndal
Publisert
11.10.2010 09:38 |
Endret
08.08.2011 15:11