Alt helsepersonell som arbeider ved norske sjukehus skal ha norsk godkjenning. Det er ikkje lov å arbeide ved Helse Førde utan at dette ligg føre.
Om du ikkje har norsk godkjenning frå før, må du sjølv søkje Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH).
Søknaden skal sendast:
Statens autorisasjonskontor
Postboks 8053 Dep,
0031 OSLO.
Tlf: + 47 21 52 97 00,
fax: + 47 21 52 97 03,
e- post: postmottak@safh.stat.no.
Det er innført eit gebyr for å få saka handsama ved SAFH. Gebyret vert kravd inn når søknaden er motteken og må betalast av den enkelte sjølv.
På heimesida deira: www.safh.no finn du søknadskjema og nærare informasjon.
ID- nummer for reseptutskriving
Alle legar med norsk autorisasjon/lisens skal ha eit ID- nummer som skal skrivast på kvar resept.
Dette nummeret får du i samband med tildeling av norsk autorisasjon.
Om du tidlegare har fått ID- nummer men ikkje hugsar dette, kan du kontakte:
Statens Helsetilsyn, Calmeyers gt.1, postboks 8128, Dep, 0032 OSLO.
Tlf: 22 24 88 09, faks: 22 24 95 90.