Designelement
 

Utanlandske statsborgarar 

 Informasjon til utanlandske statsborgarar som søkjer stilling


Arbeids- og opphaldsløyve:


Nordiske statsborgarar:

  • Treng ikkje opphalds- og arbeidsløyve.

EØS-statsborgarar med tilsetjing ved Helse Førde samanhengane i inntil 3 månader

  • Treng ikkje opphalds- og arbeidsløyve.

EØS- statsborgarar med tilsetjing ved Helse Førde samanhengane ut over 3 månader.

  • Skal ha opphaldsløyve for seg sjølve og evt. næraste familie (ektefelle, born og foreldre om dei vert forsørga av arbeidstakaren). Dette kan ein søkje om etter å ha kome/møtt på arbeidsplassen.

Følgjande framgangsmåte skal nyttast:

  • søknadsskjema “Søknad om første gangs opphaldstillatelse” (sjå link til UDI under) og ”Arbeidstilbod/Offer of employment” skal leverast næraste politikammer/lensmannskontor ved personleg frammøte innan 3 månader etter ankomst Norge
  • saman med søknadsskjemaene må søkjaren ta med tilsetjingsbrev, norsk autorisasjon, 2 x passfoto, pass.
  • om søkjaren har familiemedlemmer som og skal ha opphaldsløyve, må familietilknytning dokumenterast (dåpsattest, vigselattest m.m)

Statsborgarar utanfor EØS og Norden

  • Må ha arbeids- og opphaldsløyve før dei kan byrje å arbeide ved Helse Førde.
  • Når det er inngått arbeidsavtale med Helse Førde, vil personalkontoret gje informasjon om vidare framgangsmåte for å søkje om arbeids- og opphaldsløyve.

Forlenging/fornying

  • Evt. forlenging av arbeids- og opphaldsløyve skal leverast næraste politikammer/lensmannskontor ved personleg frammøte seinast 1 månad før tidlegare arbeids- og opphaldsløyve går ut.
  • Kopi av arbeids- og opphaldsløyve skal sendast personalkontoret Helse Førde når du har motteke denne.

Her finn du informasjon, søknadsskjema med meir www.udi.no

Tlf: 57 83 90 00 - heile døgnet | Besøksadresse: Førdegården, 6800 Førde. | Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde | Org.nr. 983974732
| Kontakt Helse Førde | Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post. Sjukehusa våre har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar via e-post. Dersom innhaldet i e-posten er av eit slikt innhald at den skal sakshandsamast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
| Ansvarleg redaktør: Kommunikasjonssjef Bernt Ove Flekke | Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgjevar Finn Ove Njøsen |
Twitter Vimeo flickr