- Det er viktig å vite at akuttberedskap skal dekkje mange tilstandar og at desse tilstandane har ulik hastegrad og alvorsgrad. T.d. vil ein person med akutt hjartestans trenge hjelp innan få minuttar om han skal overleve, og tilfeldig kompetanse i umiddelbar nærleik kan vere avgjerande. På den andre sida vil kommunale legevaktslegar kunne ta hand om eit stort spekter av dei meir vanlege akutte tilstandane i kommunen, seier utviklingsdirektør Tove Hovland i Helse Førde.
Ho ber folk lese notatet om akuttberedskap i fylket.