Artikkel
Styret vedtok målbilete
Styret i Helse Førde vedtok fredag 18. juni målbilete og modell for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Førde HF mot 2020.
Eit fleiretal i styret fokuserte på at føretaket over lang tid har hatt store økonomiske utfordringar, og at Helse Førde HF ikkje har nok midlar til vedlikehald og investeringar i medisinsk teknisk utstyr eller bygningar. Samtidig har føretaket utfordringar med å skape robuste fagmiljø og sikre rekruttering og stabilisering av nøkkelpersonell.
Styret vedtok, mot to røyster, på bakgrunn av dette mange av punkta i vedtaksforslaget som vart lagt fram av administrasjonen tidlegare i veka, men slutta seg til eit forslag frå styreleiar som såg slik ut:
Forslag til vedtak: Punkta 1, 2, 3, 4, og 5 som forslag frå administrerande direktør.
Nytt punkt 6: Av omsyn til kvaliteten på tenestetilbodet, avklaringar for dei tilsette og helseføretakets økonomi er det avgjerande å sikre rask implementering av modell 1. Styret ser det som realistisk at modell 1 er fullt ut realisert i løpet av 1. halvår 2012. I fall eigar vedtek å vidareføre delar av modell 2 må styret be om at dette fullt ut vert kompensert økonomisk.
Forslaget punkt 8 går ut. Dei andre punkta får endra nummerering
For meir bakgrunn, sjå sida Helse Førde 2020.
|
|
|