Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram

Utviklingsplan for Helse Førde

Å utvikle pasienten si helseteneste er det viktigaste vi gjer. Det skal prege alle aktivitetane i føretaket, anten det gjeld pasientbehandling, forsking, opplæring eller utdanning. Utviklingsplanen skildrar målet og vegen dit!

Utviklingsplanen skal svare på korleis vi skal løyse framtidas behov for helsetenester. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye  arbeidsformer og riktige bygg og utstyr. 

Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Ei av hovudsatsingane våre er derfor å rekruttere, utvikle og behalde dyktige medarbeidarar. Helse Førde har om lag  3 000 medarbeidarar, og er ein av dei største og mest mangfaldige arbeidsplassane i regionen.

Kvart fjerde år reviderer vi vår utviklingsplan. Planen skal svare på korleis vi skal løyse framtidas behov for helsetenester. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr. Utviklingsplan 2035 vart vedtatt i styremøte 28. januar 2022.

Det har skjedd ein del på desse fire åra, og mange av dei utviklingsområda som vart peika på i 2018 er vi godt i gang med. For å ha kontinuitet i utviklingsarbeidet er innsatsområde i store trekk vidareført i den nye planen, men er oppdatert og justert for nye føringar.

Her kan du lese utviklingsplanen frå 2018 som denne revisjonen baserer seg på. 

Helse Førde sin plan er sendt til Helse Vest som skal sjå han i samanheng med tilsvarande planar frå dei andre helseføretaka i regionen. Helse Vest skriv deretter ein samla utviklingsplan for regionen som igjen dannar grunnlag for fornying av Nasjonal helse – og sjukehusplan. Den nye regjeringa har varsla at dei framover vil kalle dette ein helse- og samhandlingsplan. Dette for å legge endå betre til rette for samanhengande pasientforløp på tvers av sjukehus og kommunar. 

Utkast til revidert utviklingsplan vart sendt på høyring 8. desember 2021 med høyringsfrist 17. januar 2022.

Her kan du lese dei eksterne høyringssvara



Innsatsområda 

Utviklingsplanen legg særleg vekt på dei viktigaste endringane framover. Samtidig er innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. Klikk på lenkene nedanfor for å lese meir om innsatsområda. Her finn du våre mål og korleis Helse Førde vil møte dei framtidige utfordringane.

 

    Sist oppdatert 30.04.2024